Hopp til innhold

Påska vart ekstra dyr for unge bilførarar

Utrykkingspolitiet har i ettermiddag beslaglagt tre førarkort – og skrive ut 25 forenkla førelegg.

Speed Marathon på Egge

ARKIVFOTO: Det er tydeleg at ikkje alle bilistane følgjer oppmodinga om å ta det med ro i trafikken. For 28 bilførarar vart påskeutfarten ekstra dyr i dag.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Stor påsketrafikk og Utrykkingspolitiet langs vegane plar ofte gi resultat.

I Aurland mista ein bilførar førarkortet etter å ha blitt målt til 136 km/t i 80-sona. Med to timars mellomrom mista ein gut og ei jente, begge i tenåra, førarkortet på E39 ved Egge i Gloppen etter å ha blitt målt til høvesvis 117 km/t og 134 km/t.

Med andre ord godt over fartsgrensa på 80 km/t.

– Det blir dyrt når ein får summert opp. Begge hadde prøvetid på førarkortet og må ta full førarprøve for å få førarkortet att. Bota kjem på toppen av det, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt i Florø.

– Når det er slik enorm fart, så kan det få store følgje både for seg sjølv og andre, legg han til.

Det var tydeleg at ikkje alle bilistane følgde oppmodinga frå politiet om å ta det med ro i trafikken. Totalt vart det skrive ut 25 førelegg på dei to kontrollane. Ein av desse blir meldt for å ikkje godta førelegget.

Totalt beslagla Utrykkingspolitiet på Vestlandet 13 førarkort. Av 171 fartsoverskridingar var 60 på E16 mellom Haugsvik og Voss.

– Det blir alltid mykje førelegg når Utrykkingspolitiet er ute. Dei er effektive og flinke, og gjer ein kjempegod jobb, seier Hatlenes og legg til at tre beslag for så høg fart er ganske uvanleg.

På den positive sida har det ikkje vore trafikkuhell i dag.

– 25 førelegg og tre førarkort med så høg fart viser at det er behov for politiet å vere på vegane. Ikkje minst er det urovekkande at så pass unge bilførarar blir tekne i så høg fart, avsluttar operasjonsleiaren.