Hopp til innhold

Kostar tre mill. å skifta kunstgras - må kanskje gjerast kvart fjerde år

– Eit eventuelt kunstgrasdekke på Fosshaugane Campus må skiftast om lag kvart fjerde år – til ein prislapp på rundt tre millionar kroner kvar gong, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal.

Trakkegjengen på Fosshaugane 26.05.11

VEDLIKEHALD: Det blir ikkje meir trakking av bana om det blir kunstgras på Fosshaugane. Men ei kunstgrasbane kjem til å bli dyr.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det er pengane til utskifting av kunstgrasdekket kvart fjerde år som er den største utfordringa å få tak i, seier Mundal.

Sparar pengar

Egil Mundal

DYRT: Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, seier det kan bli ei utfordring å skaffe pengar til utskifting.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mundal sa til NRK tidlegare denne veka at å skifta ut naturgraset med kunstgras kjem til å kosa mellom seks og sju millionar kroner. Men å ha ei kunstgrasbane i eliteserien er dyrt, òg i lengda.

– Me jobbar med å finna ut kor mykje me sparar på vedlikehald av kunstgras i forhold til dagens naturgras. Men det blir ei utfordring å skaffa pengane til utskifting, seier Mundal.

Ei kunstgrasbane må gjennom ei rekkje testar før kvar sesong før den kan bli godkjend for toppfotball. Det kan bety at den må skiftast ofte.

Mykje aktivitet

– Utgangspunktet er å bruka anlegget so mykje som mogleg og heller skifta dekket oftare. Aktivitet gir inntekter, og me vil heller ha mykje aktivitet og hyppigare utskifting enn lite aktivitet og sjeldnare utskifting, seier Mundal.

Arenaen kan i utgangspunktet nyttast til det ein måtte ønskja, men historisk sett blir den ikkje brukt til anna enn idrettsføremål.

– Det er naturleg å drøfta den vidaregåande skulen og høgskulen sitt behov, då dei kan vera potensielle brukarar av anlegget, seier Mundal.

Strengt vedlikehald

For at ei kunstgrasbane skal halda seg lengst mogleg, må vedlikehaldet gjerast på ein ordentleg og skånsam måte. Då kan bana halda seg lenger

Seks av 16 eliteserielag har i dag kunstgras på si heimebane. Blant dei er Strømsgodset som spelar på Marienlyst Stadion i Drammen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Strømsgodset - Stabæk

KUNSTGRAS: På Marienlyst stadion i Drammen er ein av seks eliteserieanlegg med kunstgras. Her Stabæks Fredrik Brustad (t.v.) og Mohammed Abu, Strømsgødset.

Foto: Knutsen, Marius / Scanpix

– Me har ikkje skifta kunstgraset etter at me fekk det for fire år sidan. Det er vinterdrifta som øydelegg kunstgrasbaner, so der er me veldig strenge på kva me gjer. Me let undervarmen gjere jobben, og me brøyter aldri, seier Tor Gundersen i Drammen kommune, som er ansvarleg for drifta av bana.

Marienlyst stadion har om lag 1000 brukstimar i året, mot normal brukstid på ei grasbane på 100–250 timar.