NRK Meny
Normal

Tre menn på tiltalebenken i kokainsak

– Det er ei relativt stor mengd kokain lokalt sett, så dette er ei sak vi ser alvorleg på.

Det seier statsadvokat Inger Myklebust Ferstad om narkotikasaka som i neste veke skal opp i Fjordane tingrett.

På tiltalebenken set tre menn i 20- og 30-åra. Alle med ulike roller i saka. Ein fjerde mann vart i 2013 dømd til fengsel i seks månader i saka.

– Eg kan stadfeste at min klient ikkje erkjenner straffskuld. Utover det har eg ingen kommentar til tiltalen, seier advokat Ivar Blikra.

Dømd i dopingsak

Blikra er forsvarar for sunnfjordingen som politiet meiner er hovudmann. I 2009 vart sunnfjordingen i 30-åra dømd til fengsel i eitt år og fire månader i samband med den store dop- og narkotikasaka «Prosjekt Gullfugl» i Sunnfjord.

Tre år seinare meiner politiet at mannen skaffa pengane, og sende to menn i bil til Austlandet for å hente 100 gram kokain. På veg heim vart dei to stogga på Skei i Jølster.

Stoffet er sentralstimulerande, og er ikkje det vanlegaste som politiet i Sogn og Fjordane kjem over. Politiet mistenkjer at kokainen, som har ein gateverdi på kring 100 000 kroner, skulle seljast.

Sat i varetekt

Sunnfjordingen sat to veker i varetekt i samband med kokainsaka. Han er også tiltalt for å ha oppbevart 29 tablettar av rusmiddelet Rivotril.

Narkotikahandelen er ein av fleire som politiet i regionen etterforska våren 2012. I alt 14 personar var involverte i sakene. Fjordane tingrett har sett av tre dagar til saka som startar måndag.

Som dei to andre mennene er mannen tiltalt for brot på straffelovas paragraf 162. Strafferamma er bøter eller fengsel i inntil to år.

– Dette er forhold som ligg langt tilbake i tid, og det vil naturlegvis få betydning for straffutmålinga, seier statsadvokat Ferstad.

Selde dopingmiddel

Politiet meiner dei tre personane har ulike roller i saka. Ein austlending i slutten av 20-åra skal ha vore mellommann. Han er også tiltalt for oppbevaring og sal av anabole steroid. På bustaden hans fann politiet over 1.200 tablettar og ampullar.

– Inge kommentar, er forsvarar hans, Thorgeier Kjær sin korte kommentar til saka.

Politiet meiner at sistemann, ein sunnfjording i 20-åra, var kurer i kokainsaka. Han er også tiltalt for omfattande skadeverk på rådhuset i Førde, samt å ha sett seg kraftig til motverje under ein arrestasjon. Med 2,2 i promille skal han også ha stole og køyrt ein uregistrert bil, sjølv om han ikkje har førarkort.

Forsvararen til mannen, Stig Nybø, vil ikkje kommentere saka.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.