NRK Meny
Normal

Tapte semifinalen på straffespark

Dei tre attverande laga i A-sluttspelet i Norway Cup, tapte i dag semifinalen sine. Jentelaget frå Eid blei utslegen på straffespark.

Eid J 15/16

KOM LANGT I NORWAY CUP: J 15/15-laget til Eid vann alle dei innleiande kampane og kom heilt til semifinalen.

Foto: Privat

Etter ordinær tid stod det 2–2 i semifinalen mot Hødd 2. Det blei mållaust i ekstraomgangane og dermed måtte det straffesparkkonkurransen til for å få ein vinnar. Den enda 2–4. Trenar Arild Myklebust seier jentene var deppa etter tapet.

– Men heldigvis gjekk det fort over. Vi har blitt nummer tre i verdas største fotballturnering. Vi hadde ikkje venta å komme så langt og har aldri gjort det så bra før, seier han.

Trenaren seier at nesten alle jentene på laget er 15 år, medan det er flest på Hødd 2 er 16 år.

Laget som spelar sjuarfotball vann alle dei innleiande kampane i puljen si. Trass eit surt tap i semifinalen, jentene nøgde med det dei har prestert.

– Vi har hatt ei flott veke og laget har heva seg veldig under Norway Cup, seier Myklebust.

Fotballklubben Syril i Leikanger hadde to lag i semifinalar, G 15/16 og J 14. Jentelaget tapte 1–0 mot Håkvik og gutelaget tapte 3–1 mot Hareid 2. Begge kampane er sjuarfotball.

Med desse tre tapa, har ikkje Sogn og Fjordane lag igjen i A-sluttspelet i Norway Cup.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå