Hopp til innhold

Tre kystradioar blir lagt ned

Fiskarar og tillitsvalde fryktar liv skal gå tapt.

Magne Sætren

UROA: Mangeårig skipper i redningstenesta Magne Sætren er skuffa over at kystradioane Florø, Tjøme og Vardø blir lagde ned ved årsskiftet.

Foto: Steinar Lote / NRK

Dei tilsette vart informerte på eit allmøte på alle stasjonane i dag klokka ni. Det bekreftar informasjonsansvarleg i Telenor, Kristine Meek, overfor NRK.

Kristine Meek Leder for eksternkommunikasjon Telenor

MODERNISERING: Informasjonsansvarleg i Telenor, Kristine Meek, seier omorganiseringane handlar om omfattande moderniseringar.

Foto: Telenor

Dei døgnbemanna radioane har lenge spelt ei sentral rolle innan sjøsikkerheit og redningsteneste langs norskekysten. Snart vert tre av desse historie.

Tillitsvalde fryktar liv kan gå tapt

Nedleggingane får tillitsvalde i EL og IT Telenor Norge til å reagere. Dei krev at kyststasjonane ikkje blir lagde ned.

– Det er alvorleg nok at vi no misser 12 kystradiooperatørar med unik kompetanse, og at tre kystradioar vert lagde ned. Det vanskelegaste med denne saka er likevel at dette skjer på kostnad av sikkerheita til sjøs, seier Kosom Alexsander Skaale, som er hovudtillitsvald for EL og IT Telenor Norge.

VHF

NYTTIG: Navigasjonsmeldingar og vêrmeldingar på Kanal 16 er nokre av tenestene kystradioane leverer.

Foto: NRK

Meiner det blir dårlegare sikkerheit til sjøs

Mangeårig skipper i redningstenesta, Magne Sætren, er og fortvila over å høyre at tre kystradioar skal leggast ned. Han er redd for at ein automatisk telefonsvarar vil verte erstatninga, og han er uroa for tryggleiken til sjøs.

Magne Sætren

SKUFFA: Mangeårig skipper i redningstenesta, Magne Sætren synest det er galskap å legge ned tre kystradioar.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Florø Radio og alle dei andre kystradioane var vore veldig gode å ha når det har skjedd noko. Dei er lokalkjende. Og det er svært nyttig, seier Sætren fortvila.

– Dette er hol i hovudet. Eg veit snart ikkje kva eg skal tenkje, seier Sætren.

24 tilsette misser jobben

Det er åtte tilsette på kvar av dei tre stasjonane som no misser jobben. Alle får tilbod om å bli med vidare ein annan stad i landet.

– Vi skal utvide med til saman 12 stillingar ved kystradioane i Bodø og Rogaland. Dei tilsette får tilbod om å bli med vidare, seier Kristine Meek i Telenor.

Florø radio

VERT NEDLAGD: Florø Radio er blant dei tre kontora som vert nedlagde.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Moderniseringsløft

Meek seier det framleis skal vere trygt å ferdast på sjøen og at bakgrunnen for nedleggingane handlar om modernisering.

– Vi skal skifte ut heile radioplattforma og gå frå analoge samband til IT-samband, og vi skal skifte ut systemet vi brukar for å handtere trafikk, seier Meek.

Ho meiner båtfolk vil oppleve tilbodet likt som det er no.

– Dette vil ikkje føre til endringar for folk som ferdast til sjøs. Alt vil fungere som før, seier ho.

Uklok avgjerd

– Dette er ei veldig uklok avgjerd.

Leiar i Norges Kystfiskarlag, Arne Pedersen, reagerer sterkt på at Telenor vel å legge ned dei tre stasjonane.

Arne Pedersen

Leiar i Norges Kystfiskarlag, Arne Pedersen, meiner nedlegging av tre kystradiostasjonar er ei fare for tryggleiken til sjøs.

Foto: Trine Vidunsdatter / NRK

– Når vi er på sjøen har vi kontinuerleg kontakt, og dei oppdaterer oss med vêrmeldingar og andre meldingar, seier Pedersen.

Fiskarar har i dag blitt vande med kontinuerlege meldingar om vêr og hendingar på sjøen frå dei lokale stasjonane til kystradioen, meiner Pedersen.

– Dersom dei skal legge ned desse stasjonane som melder vêret på observasjonar lokalt er det veldig uheldig. Eg fryktar at det går på sikkerheita laus, seier han.