NRK Meny
Normal

Tre i ulukke i Høyheimsvik på rv 55

Politi, ambulanse og politi rykte ut til staden.

Ulukke i Luster

KOLLISJON: Tre personar fekk lettare skader då bilane dei sat i kolliderte i morgontimane torsdag.

Foto: NRK-tipsar

Tre bilar er involverte i ei ulukke i Høyheimsvik i Luster kommune mellom Nes ungdomshus og Vik camping.

- Tre personar er lettare skadde etter ulukka på rv 55, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ulukka skjedde rundt klokka 08.00 torsdag morgon.

Vegen var stengd ei stund etter ulukka, men no skal vegen vere open for ferdsel att.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.