NRK Meny
Normal

Tre husvære slukt av flammene - fire til sjukehus

Elleve bustader i eit rekkehus er evakuerte etter at det braut ut brann i Svelgen fredag kveld. Tre husvære er totalskadde og fire personar er sendt til sjukehus med røykskader. Brannvesenet har no fått kontroll med brannen.

Det braut ut brann i eit rekkehus i Svelgen i kveld. Tre hus er totalskadde, medan fire personar er sende til sjukehus med røykskadar.

KRAFTIGE FLAMMAR: Fleire bustader i rekkehuset er fullstendig overtente. (Video: Truls Kleiven)

Politiet melde klokka 22:57 at brannvesenet var i ferd med å få kontroll på brannen. Like før hadde brannen spreidd seg til eit fjerde husvære i rekka som i alt tel elleve husvære.

– Brannvesenet har så å seie kontroll. No er det kontrollert nedbrenning av husa det har gått verst med, slik at brannen ikkje skal spreie seg vidare, seier Espen Rysjedal ved alarmsentralen i Florø til NRK like før midnatt.

Tidlegare på kvelden hadde brannvesenet store problem med å få tak i nok vatn til sløkkinga. På eit tidspunkt brann det i fire hus og brannvesenet hadde ikkje kontroll.

Alarmsentralen karakteriserte situasjonen som alvorleg.

– Faren er stor enno. Dei har ikkje kontroll på brannen, fortalde Rysjedal klokka halv elleve.

Problem med vassforsyninga i området var då å i ferd med å setje heile rekkehuset med elleve bustader i fare.

– Vatn er den einaste måten å få sløkt dette på. Viss dei ikkje får tak i det, så får flammane overtak, og i verste fall så fer heile rekka. Brannvesenet prøver no å avgrense brannen så godt som dei kan.

Det vart kalla inn ekstra ressursar for å bidra med vatn til sløkkinga. I tillegg vart Sivilforsvaret kalla inn, men seinare trekt tilbake. Også mannskap frå nabokommunen Flora bidreg, deriblant røykdykkarar og ein tankbil med vatn.

Alarmen gjekk like etter klokka ni.

– Alle naudetatane er varsla og på veg, både brann helse og politi, fortalde Nina Andal, vaktleiar ved alarmsentralen i Florø, like etter at brannen vart meldt inn.

Laster Twitter-innhold

Operasjonssentralen i Florø opplyste ein halvtime seinare at brann, ambulanse og politi er på plass.

– Vi fekk meldinga klokka 21.03 frå alarmsentralen. Brannen starta i eit rekkehus i Kringomvegen i Svelgen. Brannen har spreidd seg og det brenn no i tre rekkjehusvære, sa operasjonsleiar Inge Værøy til NRK.no.

– Er det fare for liv?

– Nei, alt av folk skal vere ute av bygningane.

Det er totalt elleve husvære i rekka og alle som bur i huset vart evakuerte. Det vart oppretta eit senter på rådhuset i Svelgen der desse fekk tak over hovudet og anna naudsynt hjelp.

Varmen er så kraftig at vindauga i einebustader i same området har byrja å sprekke. Difor vart det også spylt vatn på fleire nabohus.

Rekkehuset som ligg i eit bustadfelt litt utanfor Svelgen sentrum, i retning Florø. Det er mange hus i området som ligg inntil riksvegen mellom Grov og Svelgen.

Laster kart, vennligst vent...

RYKTE UT TIL BRANN: Brannen starta i eit rekkehus i Kringomvegen i Svelgen, og har no spreidd seg til fleire andre.