Sogn Avis skriv at onsdag kveld stakk sogningen, som er i 20-åra, frå politiet etter at han var passasjer i ein stolen bil. Natt til fredag vart han pågripen på fersken etter eit innbrotsraid i Sogndal, og fredag kveld vart han nok pågripen etter at han i rusa tilstand køyrde i fjellveggen og rømde til skogs.
Siste episoden skjedde seint fredag kveld om lag ein kilometer over krysset ved Borlaug i Lærdal, på riksveg 52 mot Hemsedal. Saman med ein annan kar køyrde dei i fjellveggen. Vitne fortalde om to tydeleg rusa karar som sprang til skogs.
– Saka vert etterforska i Sogndal, så vert det opp til politiadvokaten å avgjera kva som skal skje vidare med han, opplyser politivakta i Sogndal til avisa.