NRK Meny
Normal

Bestilte narkotika frå utlandet tre gonger - men Tollvesenet stod klare kvar gong

21-åringen bestilte tre gonger både hasj, marihuana og diverse dopingmiddel i posten frå utlandet. Men alle sendingane vart stoppa av Tollvesenet. No må sogningen i fengsel.

Det var i september i fjor at Tollvesenet stoppa bestillinga til sogningen då pakken skulle passere tollen på Gardermoen.

I januar i år bestilte sogningen på ny ulovlege stoff frå utlandet, denne gongen 3,9 gram marihuana frå England. Også denne pakken vart stoppa av Tollvesenet, denne gongen på Østlandsterminalen i Lørenskog.

21-åringen skal i april i år ha kjøpt tre gram hasj i Sogndal.

Tilstod utan atterhald

Vinteren 2015 bestilte 21-åringen ein sending frå England med diverse middel av typen Aquazolol, Deca-300 og Sustanon, som i Norge vert karakterisert som doping. Heller ikkje denne pakken nådde fram til sogningen, men vart derimot beslag av Tollvesenet på Oslo lufthamn Gardermoen i februar.

Mannen brukte i tillegg til saman to gram hasj i tida før 22. april 2015.

Då saka kom opp i Sogn tingrett, tilstod mannen utan atterhald. Han er tidlegare dømd til 80 timar samfunnsstraff, mellom anna for erverv, oppbevaring og vidaresal av hasj. Han var i gjennomføringa av samfunnsstraffa då den eine av narkotikabestillingane vart stoppa i tollen.

Er tidlegare domfelt for omgang med narkotika

Retten har valt å leggje størst vekt på innførselen av 11,5 gram hasj frå Spania. I skjerpande retning la retten vekt på at fleire av lovbrota vart gjort medan mannen gjennomførte samfunnsstraff.

Det vart også lagt vekt på i skjerpande retning at mannen tidlegare er domfelt for omgang med narkotika.

Mannen er dømd til å sone 14 dagar i fengsel, med ein prøvetid på to år. Han er også dømd til å betale ei bot på 10.000 kroner.