Hopp til innhold

Tre frå Sogn og Fjordane i semifinalane

Den 11. november skal semifinalane i handballcupen for kvinner spelast. Då stiller tre av fire lag med spelarar frå Sogn og Fjordane.

June Andenæs, Kjerstin Boge Solås og Hege Bakken Wahlquist

TIL SEMIFINALE: Frå v. June Andenæs, Kjerstin Boge Solås og Hege Bakken Wahlquist er klare for semifinale i handballcupen for kvart sitt lag.

Dei tre er June Andenæs frå Gloppen på Molde, Kjerstin Boge Solås frå Fjaler på Tertnes og Hege Bakken Wahlquist frå Årdal på Glassverket. Berre Larvik stiller utan spelarar frå Sogn og Fjordane.

Molde og Glassverket skal møtast i det eine oppgjeret. Hege Bakken Wahlquist ser fram til å møte Molde og June Andenæs.

– Det blir litt spesielt. Eg har spelt mot ho eit par gonger før. Det er alltid moro å spele mot folk som kjem frå same området.

Hege Bakken Wahlquist

MED FIRE MÅL: Hege Bakken Wahlquist skal møte Molde og June Andenæs.

Foto: Peter Tubaas

– Cup er cup

Hege er kantspelar, medan June er strekspelar. Det betyr at dei neppe kjem i så mange duellar kvinne mot kvinne. Og Hege har tru på at dei skal kome seg til finalen når Molde er motstandar i Drammen.

– Med tanke på at vi vann ganske klart sist vi møttest så meiner eg sjansane er gode. Spelar vi på vårt beste trur eg vi skal slå dei, men cup er cup, så alt kan skje.

Årdølen sette inn fire mål i kvartfinalen mot Storhamar og var nøgd med eigen innsats.

– Det var ein litt rotete kamp, men eg følte at vi hadde kontroll heile kampen. Det var moro å spele, iallfall når vi no er klar for semifinalen.

Glassverket, som også er serieleiar, vann kvartfinalen 27-22.

23-åringen har no hatt ein lang skadefri periode etter at ho fekk ein alvorleg kneskade då ho spelte for Sola for tre år sidan.

June Andenæs mot Thüringer HC

MED FIRE MÅL: June Andenæs (her i Byåsen-drakt) skal møte Glassverket og Hege Bakken Wahlquist.

Foto: Mario Gentzel / pictureteam

Fire mål på June

I Molde vart det endå klarare siger til heimelaget mot Sola, 32-25. Og June Andenæs bidrog med fire mål, eitt av dei på straffekast.

– Eg har slite litt med å få det til i Molde, men i denne kampen kjende eg at det losna litt, både for meg og for laget, seier June.

Ho gler seg til å spele semifinale mot Glassverket og Hege Bakken Wahlquist.

– Eg spelte seminfinale for Byåsen, men då trekte vi Larvik. Det er i grunnen litt overraskande at vi kjem oss så langt i cupen, og Glassverket er storfavoritt, så vi har alt å vinne.

Molde er den tredje eliteserieklubben til June Andenæs, ho kom dit i sommar frå Byåsen og har etablert seg som ein sentral brikke i den nyopprykte laget.

June Andenæs er etter kvart for ein veteran å rekne i norsk handball. Det kan ein ikkje seie om den tredje spelaren frå Sogn og Fjordane som no kan sjå fram til å spele semifinale. Kjerstin Boge Solås frå Fjaler har enno ikkje fylt 18 år, men er alt ein sentral spelar på Tertnes.

Fem mål på Kjerstin

I Bergen vart det også heimesiger, Tertnes vann 27-23 over Oppsal. Der sette Kjerstin Boge Solås inn fem mål, i tillegg til at ho som vanleg var sentral i forsvarsspelet til Tertnes.

Tertnes skal møte Larvik i semifinalen og har fått heimekamp. Førebels er det uvisst om kampdato og stad, for Nyborg spelar europacupkamp i volleyball akkurat den 11. november i Haukelandshallen.

Kjerstin Boge Solås

MED FEM MÅL: Kjerstin Boge Solås skal møte Larvik.

Foto: VIDAR LANGELAND / Bergensavisen (BA)