Hopp til innhold

Tre frå fylket med på kokkelandslaget

Av 10 kokkar på kokkelandslaget er heile tre av dei frå Sogn og Fjordane. Det takkar dei heimfylket for.

Kokkelandslaget

KLAR FOR KOKKEKUNST MED LANDSLAGET: Tonje Torvanger, Jan Erik Hauge og Kristoffer Westvik Lofnes er tatt ut til kokkelandslaget.

Foto: NKL

– Det er ganske stort at vi er tre frå fylket på eit lag med ti kokkar og ein kaptein. Rett og slett tøft, seier Kristoffer Westvik Lofnes.

Måløyværingen er ny på laget og har med det fått ein årelang draum oppfylt.

– Dette er ei stor bragd. Det blir nokre kjekke år framover med mykje hardt arbeid, seier han.

22-åringen er langt frå åleine om å vere ein god kokk frå fylket, for med seg på laget har han Jan Erik Hauge frå Berle og Tonje Torvanger frå Sogndal. Torvanger har tatt steget frå junior til seniorlaget, og Hauge har vore med sidan 2015.

– Dette er fantastisk. Vi er tre ulike personar med skikkeleg stå-på vilje. Eg er så utruleg glad for at vi tre kom gjennom nålauget, seier Hauge.

På kokkelandslaget

NY PÅ LAGET: Kristoffer Westvik Lofnes er ny på kokkelandslaget. Han er klar for fire år med hardt arbeid.

Foto: Privat

Skryt av utdanning i heimfylket

– Etter mi meining er Måløy vidaregåande den beste skulen i landet, og det vil eg alltid stå for, seier Westvik Lofnes.

Både Hauge og Westvik Lofnes har vore elevar ved kokkelinja på Måløy vidaregåande skule. Dei er fulle i lovord om den tidlegare skulen sin.

– Lærarane på skulen har jobba knallhardt for å få oss framover. Dei har sendt oss til riktige plassar frå dag ein, og gitt meg stor motivasjon i dette yrket, seier Westvik.

Med tre elevar på kokkelandslaget, meiner Hauge at mykje skuldast heimfylket.

– Dette viser at skulane våre er gode og at lærarane gjer ein god jobb. Eg er utruleg stolt.

Jan-Erik Hauge

STOLT: Jan Erik Hauge er stolt for at tre av ti på kokkelandslaget kjem frå Sogn og Fjordane.

Foto: Einar Espeland / NRK