Hopp til innhold

Tre førarkort rauk

Tre bilførarar måtte gje frå seg førarkorta sine etter ein fartskontroll ved Førde sentralsjukehus torsdag kveld.

Det er 50-sone på strekninga, og den kjappaste av bilførarane heldt 82 kilometer i timen då han vart målt av laseren til politiet.

I tillegg til førarkortbeslaga vart det skrive ut to forenkla førelegg. Kontrollen varte i tre og ein halv time.