Hopp til innhold

Tre fiskarar truleg drukna i forlis

Tre menn i 60-åra er truleg omkomne etter at den islandske fiskebåten «Hallgrimur» gjekk ned 270 kilometer nordvest for Stad onsdag. Ein person er redda opp i live, tre personar er truleg drukna. Redningsaksjonen er avslutta.

Hallgrimur

FORLIST: Trålaren Hallgrimur har mest truleg forlist i Norskehavet.

Foto: Bergthor Gunnlaugson

Sjukehuset i Ålesund

Mannen blei tatt i mot på mottakinga ved sjukehuset i Ålesund.

Foto: Brede Røsjø / NRK

– Ein 36 år gammal mann vart henta opp av havet i live og flogen med redningshelikopter til Ålesund. Mannen skal vere i bra form, når alt kjem til alt. Han var ikledd overlevingsdrakt og vart oppdaga av eit redningshelikopter, opplyser vakthavande redningsleiar Jan-Rikart Lillebøe ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge,

Helikopteret landa på flyplassen på Vigra like etter klokka 21 og mannen blei køyrd til sjukehuset i Ålesund med ambulanse. Han har vore til undersøking, og sjukehuset opplyser at han er lettare skada, men elles stabil.

– Den overlevande opplyste at to av dei andre ikkje hadde fått på seg overlevingsdrakt, og den tredje hadde ein overlevingsdrakt som ikkje var heil og som tok inn vatn. Med bakgrunn i temperaturen i vatnet og den tida som hadde gått sidan forliset fann vi at det ikkje var håp om å finne nokon av dei i live, seier Lillebøe.

Dei tre som ikkje er funne er alle i 60-årsalderen, og alle er islandske.

Storm

Hovudredningssentralen fekk naudanrop frå satellittsendar i ein islandsk fiskebåt klokka 14.22.

Det var storm med orkan i kasta då redningsaksjonen pågjekk, opp mot 60 knops vind og med bølgjer opp i 15 meters høgde. To redningshelikopter, eitt frå Florø og eitt frå Ørlandet, deltok i søket etter dei islandske fiskarane, i tillegg til eit Orion-fly frå Andøya. I tillegg var fiskebåten "Herøyhav" med i søket og gjorde ein stor innsats, seier Lillebøe.

Leitinga avslutta

Klokka 23 blei leitinga avslutta. Hovudredningssentralen meiner det ikkje lenger er håp om å finne nokon i live. Den overlevande har fortalt at han var den einaste som fekk på seg overlevingsdrakt.

– Kva har den overlevande forklart om årsaka til forliset?

– Båten tok inn vatn og tok til krenge og gjekk til slutt rundt.

– Kva gjer de i dag?

– Kystvaktskipet KV "Bergen" er på veg, men må vente på at veret skal roe seg, for det er framleis sterk storm med orkan i kasta. Dei skal vere framme der "Hallgrimur" forliste i ettermiddag. Naudpeilesendaren går framleis, så vi har posisjonen. Men det er eit stort havområde.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sikre på at båten har gått ned

Det er funne vrakrestar i området, og ein er no rimeleg sikker på at båten har gått ned. Leitearbeidet er svært krevjande, både grunna vêret, men også fordi det er heilt mørkt.

– Alle pårørande er no informerte, difor slepper vi namnet på båten for at ikkje andre skal vere uroa, seier Bang-Andersen.

Den islandske fiskebåten var på veg frå Island til Norge då det vart sendt ut naudsignal. VG Nett skriv at båten, ifølgje den islandske rikskringkastingen RUV, var på veg til Norge for å bli seld som skrapjarn. Båten skal vere ein trålar frå 1974.