NRK Meny
Normal

Tre ferjer fjerna køen

Frå og med sist helg har ferjesambandet vore trafikkert av tre ferjer.

Kø på Oppedal ferjekai

SLUTT PÅ ENDELAUS KØ: Ferjekaia på Oppedal før den tredje ferja vart sett inn.

Foto: John Kenneth Aase

Auken frå to til tre ferjer fram til 30. august skal få sommartrafikken til å gå utan alt for lang ventetid for dei reisande på Lavik - Oppedal.

Alt no i helga såg vi nytten av den ekstra ferja, seier Andre Høyset, som er leiar av driftsoperativt senter i Fjord1.

– Det har gått veldig bra. Problemet med attståande bilar på fredag ettermiddag og søndag ettermiddag har forsvunne heilt. Dei tre ferjene får med seg all trafikk på desse mest kritiske tidspunkta.

For med berre to ferjer var det mange som vart ståande att på Oppedal fredag ettermiddag og i Lavik søndag ettermiddag, enkelte måtte stå over to fjordkryssingar.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.