– Mange er framleis ikkje klar over kor avgjerande dei små detaljane kan vere dersom du hamnar i ei trafikkulykke, seier Trond Boye Hansen ved Statens havarikommisjon for transport.
Få i Noreg har betre kjennskap til kva som skjer når eit barn blir involvert i ei trafikkulykke. Han har tidlegare forska på barn i bil, der han fungerte som ulykkesgranskar.
– Barn kan tole det utrulege dersom dei er godt sikra. Problemet er at vi for ofte ser feil som får store konsekvensar, seier Boye Hansen.
Han seier det er tre feil som går igjen.
Feil 1: Belte under armen
I ein del alvorlege ulykker, kan ein sjå at barnet har setebeltet under armen, ikkje over skuldra. Boye Hansen seier dette er ein av dei mest vanlege feila.
Når beltet ligg feil, kjem overkroppen i stor rørsle dersom det oppstår ei ulykke. Det kan også bli store skadar på indre organ fordi beltet pressar på feil stadar på kroppen.
Andre gongar ser granskarane at foreldra har sikra riktig, over skuldra. Men at barnet sjølv har kome seg fri, dersom det til dømes skal ha tak i noko i forsetet.
Difor blir foreldra oppfordra til å følge med undervegs på bilturen.
– Ein del barn synest det er ubehageleg å ha beltet inntil halsen. Då er det fort gjort at dei kjem seg ut av beltet på eiga hand. Bevisst eller ubevisst, seier inspektøren.
Feil 2: Belte over jakka
No på vinteren er belte over jakka ein feil som går mykje igjen, særleg på kalde dagar.
Men det kan vere alvorleg dersom bilen hamnar i ei front-mot-front-ulykke.
Ved ei ulykke kan det vere kritisk at det oppstår luft mellom beltet og kroppen. Beltet sklir oppover og gir trykk på magen.
– Dersom det er kaldt, kan ein legge beltet under jakka. Det er viktig at ein strammar til, slik at det sit godt inn til hofta, seier inspektøren.
Feil 3: Belte over setet
Ein vanlig feil er at beltet blir montert over armlena på beltestolen, ikkje under.
Dermed er det vanskeleg å få nedre del av beltet inntil hofta.
Beltestol heller enn pute
Inspektøren meiner foreldra bør la barna sitte i beltestol så lenge som mogleg.
– All erfaring tilseier at beltestol er tryggare i visse situasjonar. Dersom barnet sovnar vil god sidestøtte føre til at barnet ikkje fell framover, seier Boye Hansen.
Hos dei mindre barna anbefaler Trygg Trafikk at det sit vendt bakover til 4-årsalderen, men gjerne lenger.
Forsking viser at desse seta beskyttar best under ein frontkollisjon.