Hopp til innhold

Tre daude fuglar sende til sjekk

To svaner og ein sporvehauk frå Sogn og Fjordane blir no granska for fugleinfluensa.

Svane
Foto: NRK

Dei tre daude fuglane er funne i Askvoll, Førde og Bremanger. Distriktssjef i Mattilsynet i Sunnfjord og ytre Sogn, Rune Myklatun, har sendt fuglane til Veterinærinstituttet i Bergen.

- Vanleg med daude fuglar

Myklatun meiner det ikkje er grunn til å vere uroa for at fugleinfluensaen har nådd Sogn og Fjordane. Han peikar på at dette er rein rutine fordi Veterinærinstituttet har bede tilsynet sende inn daude fuglar frå heile landet.

- Dette gjer vi berre for å vere på den sikre sida, forklarar Myklatun. 

- Kor alvorleg ser Mattilsynet på dei funna som er gjort?  

- Det er heilt vanleg at ein del fuglar døyr, så dette ser vi eigentleg ikkje på som noko alvorleg. Men vi følgjer opp og sender til undersøking dei fuglane vi får melding om. 

- Ver forsiktige

Myklatun ber likevel folk som finn daude fuglar om å vere ekstra forsiktige.

- Dei bør ikkje ta i fuglen, men late den liggje og varsle Mattilsynet. Så kjem vi og hentar den viss vi meiner den bør sendast inn til undersøking.  

- Er dette dei første funna som er gjort her i fylket etter at fulgeinfluensaen braut ut? 

- Vi har fått varsel om eit par fuglar til, men dei har vi vurdert slik at dei ikkje var eigna til innsamling.