NRK Meny
Normal

Store materielle skader i kollisjon - seks personar til legesjekk

Tre personbilar fekk til dels store materielle skader i ein kollisjon på E39 på Vassenden måndag morgon. Fem vaksne og eitt barn er sende til legesjekk.

Ein bil fekk skrens og krasja med to møtande bilar på E39 ved Langhogane i Jølster.

SJÅ VIDEO: Nordgåande bil fekk skrens og krasja med to møtande bilar på E39 ved Langhogane i Jølster. (Foto/redigering: Oddleif Løset/NRK)

Politiet fekk klokka 07.12 melding om eit trafikkuhell ved innkøyrsla til Langhaugane på Vassenden.

– Det er tre personbilar som er involvert. Det verkar som dei involverte er uskadde, seier operasjonsleiar Synnøve Domben ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no like før klokka 07.30.

Sju involverte

Brannvesen, ambulanse og politi var raskt framme på staden.

Det skal ha vore til saman seks vaksne og eitt barn i dei tre bilane. Desse er sett til av helsepersonell på staden, og alle med unntak av ein vaksen er sende vidare til Førde for legesjekk.

Dei tre bilane har fått til dels store materielle skader, og alle må fraktast vekk av bilbergingsbil då dei ikkje er køyrbare.

Fekk skrens på det glatte føret

Agnar Bøyum er skadestadsleiar for politiet. Han fortel til NKR.no at ulukka skal ha skjedd då ein av bilane fekk skrens. Denne bilen kom i retning mot Vassenden og skal ha krasja inn i to bilar som køyrde i retning Førde.

Den første bilen skal ha prøvd å svinge unna, og unngjekk å få den møtande bilen rett i fronten.

– Det var skikkeleg glatt. Bilen som kom sørfrå fekk skrens og kom rett mot oss. Heldigvis ser det ikkje ut til å vere alvorlege skader, seier føraren.

Åtvarar mot glatte vegar

Trafikkuhell ved Langhogane i Jølster

GLATT: Ei lita stund etter samanstøytane passerte strøbilen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ifølgje brannsjef Tor Arild Segtnan i Jølster skal det ha vore klink is på vegen då dei kom til ulukkesstaden. Strøbilen passerte ei lita stund etter at ulukka skjedde.

E39 på staden har ikkje vore stengd i samband med ulukka.

Vegtrafikksentralen åtvara i dag tidleg mot glatte vegar, og bad folk ta det med ro i morgontimane.