Tre bilar involvert i kollisjon
Tre bilar er involvert i ein kollisjon på E39 i Jølster. Ulukka har skjedd akkurat i innkøyrsla til Langhaugane på Vassenden. Ifølgje operasjonsleiar Synnøve Domben ved Sogn og Fjordane politidistrikt ser det ikkje ut til å vere personskade. Naudetatane er på staden.