Tre bilar i kollisjon i Jølster

Tre personar må oppsøkje lege etter eit trafikkuhell ved Årdal i Jølster. Tre bilar var involverte i uhellet.

Laster kart, vennligst vent...

TRAFIKKUHELL: Tre bilar er involverte i eit trafikkuhell på E39 ved Årdal i Jølster.

Politiet fekk melding om uhellet klokka 07. Då NRK snakka med politiet i 0730-tida var det ikkje meldt om personskade etter uhellet.

– Men to personar blir sendt til Førde sjukehus for sjekk. Ein person oppsøkjer lege i Luster, opplyser politiet klokka 0818.

Uhellet skjedde i følgje politiet i samband med forbikøyring av ein lastebil, der det kom trafikk i mot. Tre bilar har fått skader.

Ein periode etter ulukka var det manuell dirigering på staden.