NRK Meny
Normal

Tre bilar involvert i kollisjon på E39

Tre bilar var onsdag morgon involvert i ein kollisjon på E39 i Førde.

Laster kart, vennligst vent...

– Det skal vere snakk om påkøyrsel bakfrå, seier Trond Hatlenes, operasjonsleiar hjå Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ulykka skjedde i Hafstadvegen på E39 like ved Biltilsynet. Til saman tre bilar var involvert i hendinga, og naudetatane kom til staden.

– Det er framleis ikkje heilt klart kva som har skjedd, og politiet har vore på staden og jobbar med saka no, opplyser Hatlenes.

Ei kvinne vart også undersøkt av helsepersonell på grunn av smerter i nakken.

Hatlenes opplyser ved 10-tida at det ikkje skal vere noko personskade etter hendinga.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser