Hopp til innhold

Tre bilar i kjedekollisjon i Gloppen

Tre bilar har støytt saman på E39 ved Eide like ved Sandane sentrum, i retning Breim.

Trafikkulukke på Eide ved Sandane.

ULUKKE: Tre bilar var involverte i ulukka, som skjedde nokre kilometer sør for Sandane sentrum, søndag ettermiddag.

Foto: Aadne Gloppestad, Firda Tidend

– Det er ikkje meldt om alvorleg personskade, seier Kjetil Drange ved operasjonssentralen.

Tre køyretøy var involverte i kjedekollisjonen. Dei to fremste bilane stogga for møtande trafikk. Den tredje bilen som kom bak har køyrt i bilen framfor, og pressa denne fram mot den fremste bilen igjen, opplyser politiet.

Det har vore fleire trafikkulukker og uhell søndag ettermiddag, og det er meldt om glatt vegbane fleire stader.

Ulukka skjedde kring klokka 15.40, og er i området mellom Eide og Sandane. Eit av køyretøya treng bilberging for å kome seg frå staden, opplyser politiet.

Vegen var ei stund stengd på grunn av hendinga, men er no opna igjen.