Hopp til innhold

Fire av seks fjellovergangar er opne for fri ferdsle

Følgjene av uvêret siste døgna held framleis eit godt grep om fjellovergangane i Sør-Norge. Søndag ettermiddag er det kolonnekøyring på to fjellovergangar inn og ut av Sogn og Fjordane.

Kolonnekø ved Bjøberg

KØ: Det har vore kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet sidan klokka 13 laurdag.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Dette gjeld mellom anna riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, der det har vore kolonnekøyring sidan klokka 13 laurdag. Ventetida er i 15.30-tida søndag rekna til tre timar.

Anne Mette Olsen, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, seier vinden er venta å minke utover søndagen.

– Men det blir først seint i ettermiddag eller kveld. Det er venta at vinden vil minke frå stiv kuling til liten kuling på fjellovergangane, seier ho.

Tre opne fjellovergangar

Det er også kolonnekøyring mellom Nilsegard til Øyestøl på fylkesveg 50 over Hol – Aurland grunna oppryddingsarbeid. Også her er ventetida tre timar.

Vikafjellet, Filefjell, Strynefjellet og Årdal - Tyin er alle opne.

Ser ein lenger sør til Hordaland og Hardangervidda, er det kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn. Fjellovergangen er stengd for mindre køyretøy.

– Det vil halde fram med snøbyer søndag, og liten eller ingen nedbør i natt. Så kjem det ein varmfront med noko meir samanhengande snø, seier Olsen om måndagen.

Vindfull slutt på veka

Utover måndagen vil vinden auke på att, og temperaturen stige. Vinden kjem frå sør, noko som gjer at den vil merkast best langs kysten. Snøgrensa er venta å krype opp mot 300–500 meter.

Olsen seier det kan bli ein del vind og uvêr mot slutten av veka.

– Det ser ut til å komme eit kraftig lågtrykk mot slutten av veka, og då kan det kanskje bli liten storm på kysten og i fjellet frå fredag av, seier ho.