Hopp til innhold

19 av 26 kommunar hadde fristbrot

Tre av fire kommunar i Sogn og Fjordane brukte i 2013 for lang tid på å behandle barnevernssaker.

barnevern

HELD IKKJE FRISTANE: Fylkesmannen er uroa og fryktar det kan gå utover barn og familiar om ikkje kommunane greier halde fristane for undersøkingar.

Lova seier at kommunane på såkalla uromeldingar har ein frist på ei veke til å sjå på saka, medan dei må gjennomføre undersøkingar innan tre eller seks månader.

Men svært mange av kommunane i fylket greier ikkje halde seg til desse fristane. Det er ein situasjon Fylkesmannen ikkje godtar.

– Vi blir veldig uroa når vi ser at kommunane brukar lang tid på å undersøke sakene. Dette nettopp fordi ei undersøking ikkje skal vere meir omfattande enn at den avdekkjer om barn og familie treng meir hjelp, seier rådgjevar hos Fylkesmannen, Gunn Randi Bjørnevoll.

Fryktar barna ikkje får den hjelpa dei treng

I 72 av fjorårets saker klarte ikkje det kommunale barnevernet rundt om kring i Sogn og Fjordane å undersøke saka innan fristen.

I løpet av tre månader, eller i heilt spesielle tilfelle seks månader, skal barnevernet ha avklart om barnet eller familien skal få vidare hjelp eller oppfølging.

19 av 26 kommunar i fylket hadde saker der dei braut fristen.

– Dette er eit altfor høgt tal, seier Bjørnevoll og held fram:

– Ein kan risikere at barn, ungdom og familiar som treng det, ikkje får den hjelpa dei har rett på, til rett tid.

Har skjerpa inn rutinane

Fylkesmannen kan gje tvangsmulkter til kommunar som bryt fristane, men i løpet av 2013 var det ingen kommunar som måtte betale for seg. Fylkesmannen varsla ein kommune om at dei låg i faresona.

Ein av kommunane som braut fristane var Flora kommune. To gonger brukte barnevernet i kystkommunen meir enn seks månader på å undersøkje ei sak.

Kommunalsjef Norunn Stavø seier rutinane no er skjerpa.

– Grunnen til fristbrota hos oss er at vi har hatt sjukmeldingar, så når alle er på plass att trur eg dette vil rette seg.

– Vi har laga gode rutinar der vi jamleg går gjennom korleis vi ligg an i høve fristane, slik at dette ikkje skal skje igjen, seier ho.

Ber kommunane skjerpe seg

Rådgjevar hos Fylkesmannen Gunn Randi Bjørnevoll understrekar kor viktig det er at kommunane held seg til fristane, og at dei greier avslutte undersøkingane raskare.

– Det viktige er at dei har gode rutinar som sikrar at dei med det same dei har konkludert og starta ei undersøking, startar opp arbeidet. Dei må gjere dette i tett samarbeid med familiane og barna, og innhente nok informasjon til å konkludere innan fristen, seier ho.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har bede åtte av kommunane i fylket om ei nærare forklaring på fristbrota.