Tre av ått leiarverv til nordfylket
Folk frå Sogn og Fjordane får tre av dei åtte leiarverva i nye Vestland fylke. I dei fire hovudtvala er det åtte leiarar og nestleiarar. Alfred Bjørlo (V) blir nestleiar i kultur, idrett og integreringsutvalet. Karianne Torvanger (Ap) og Åsmund Berthelsen (SV) blir leiar og nestleiar i opplæringsutvalet.