Hopp til innhold

Travle tider for Brødrene Aa

HYEN (NRK): Båtbyggjarane Brødrene Aa i Hyen i Gloppen har travle dagar for tida. Nyåret tek til med heilt nye bestillingar, og allereie har dei fleire båtar som skal bli klare dei neste månadane.

Tilsett og dagleg leiar i brødrene Aa

MYKJE Å HENGE FINGRANE I: Tor Øyvind Aa og Edvin Hesjedal har mykje å gjere om dagen, med fleire båtar som skal bli ferdige.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Vi har to båtar vi skal begynne på no som skal til Kina, og så har vi tre båtar som vil bli ferdige i tida framover som skal gå oppe på Sunnmøre, seier Tor Øyvind Aa.

Kor lang tid brukar de på å lage ein båt?

– Det varierer sjølvsagt veldig alt etter kor står båt det er tale om. Ein kan seie at det går ifrå rundt 30 000 timar til opp mot 70 000 timar med arbeid for ein båt.

Les også: Statseige kinesisk selskap kjøper seg inn i Brødrene Aa.

Vart kjøpt opp av kinesisk gigant

I fjor vart det kjent at det kinesiske selskapet Chu Kong Shipping Enterprises kjøpte 40 prosent av aksjane i Gloppen-firmaet. Det gir dei nye moglegheiter, men Aa seier at dei ikkje merkar så mange forandringar i Hyen endå.

– Det oppkjøpet har i utgangspunktet ikkje så mykje å seie for det daglege arbeidet vårt her i Hyen. Likevel ønskjer jo kinesarane at vi skal byggje fleire av båtbana våre i Kina i tida framover, og det er nok noko vi vil jobbe med i åra som kjem, seier Aa.

Han fortel at litt av utfordringa med å eksportere båtar til Kina er at det kostar svært mykje å fortolle båtane, og det er difor dei etter kvart ønskjer å produsere fleire båtar i Kina.

– Om vi byggjer ein båt som kostar 80 millionar kroner her i Norge, så kostar han plutseleg 100 millionar når vi er ferdig med å fortolle han i Kina, så det blir veldig dyrt for oss.

Skal byggje ny batteribåt

Ein av båtane som Brødrene Aa ikkje har starta på endå, er Vision of the Fjords 2. Den er endå i planleggingsfasen, men skal vere ein oppfølgar til båten som i fjor vart kåra til årets båt.

Denne gongen vil dei gjere det på ein litt anna måte, dei vil nemleg byggje han som ein rein batteribåt.

– Det som er ambisjonen med den båten er at vi skal byggje han som eit nullutsleppsfartøy, og det betyr at vi skal fjerne dieselmotorane heilt, seier Aa.

Båtbyggjarane i Hyen satsar mykje på fornybar energi no, særleg fordi det her er lukrative støtteordningar involvert. Tor Øyvind trur likevel ikkje reine batteribåtar er klare til å ta over heilt endå.

– Skal du opp i litt hastigheit, og ha ein båt som skal gå over ein viss distanse, så er det berre å gløyme at den skal gå på batteri. I alle fall i dag.