Hopp til innhold

Travel natt for politiet i Sogn og Fjordane

Ein mann er sendt til sjukehus etter slåstkamp i Årdal og i Stryn måtte politiet ta hand om bråkete festdeltakarar.

Politi illustrasjon
Foto: Oddleif Løset

– Det har vore ei travel natt, spesielt i Stryn. Det er jo festival der, så det er ikkje heilt utenkeleg at det har samanheng med det, seier Per Algerøy, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Han siktar til Motorfestivalen som arrangerast i Stryn denne helga.

Like før midnatt måtte politiet vise bort ein mann frå Stryn sentrum fordi han laga bråk. Litt seinare på natta rykte politiet ut til Stryn camping etter melding om at det var blitt gjort skadeverk på ein campingvogn.

Klokka 3.15 vart det meldt om fleire personar som slåst på Stryn camping. På Twitter skriv politiet at dei rykte ut til campingplassen etter kort tid, men at det ikkje var teikn til slåstkjempene.

Laster Twitter-innhold

I morgontimane i dag måtte politiet ta hand om ein mann som hadde lagt seg til å sove i ein bil i Tonningsgata i Stryn sentrum. Dei fekk ikkje kontakt med mannen og han vart køyrt til legevakta.

Laster Twitter-innhold

Til sjukehus etter slåstkamp

I Årdal vart ein mann sendt til sjukehus etter ein slåstkamp.

– I femtida i dag tidleg fekk vi melding frå ein som hadde komen over ein mann som var skada. Han var oppegåande, men hadde ein skade i ansiktet, seier Algerøy.

Mannen vart sendt til Førde sentralsjukehus og ein patrulje har vore og snakka med gjerningspersonen.

– Det har vore eit slagsmål og den yngste av dei har fått eit slag i ansiktet med ein gjenstand. Det er snakk om to menn, ein i 30-åra og ein i 50-åra. Det er oppretta sak og det vil bli etterforska med avhøyr, seier Algerøy.

Politiet måtte også ta hand om ein mann i Sogndal, som laga bråk i laurdag kveld.

Laster Twitter-innhold