Hopp til innhold

Travel natt for politiet

Natta vart prega av rus og ordensuro for politiet i Sogn og Fjordane

politi illustrasjon

RUS OG URO: Travel natt for politiet

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Like før midnatt vart ein mann i 20-åra send til sjukehus med alvorlege skadar etter ei fallulukke på ein utestad i Førde.

– Mannen var blitt nekta tilgjenge til utestaden, og prøvde så å klatre inn på baksida av bygget, fortel Espen Gulliksen som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Florø.

Like etter midnatt måtte politiet i Førde vise bort ein mann i 30-åra frå sentrum fordi han var rusa og truga vakter.

I tretida i natt vart ei kvinne i 90-åra frå Gaupne send til Sentralsjukehuset i med røykskadar etter røykutvikling frå ein elektrisk omn. Politiet vart varsla av pårørande som var blitt oppringt av kvinne som fortalde at røykvarslaren var utløyst

I Vågsøy vart ei kvinne i 40 åra henta av politiet og køyrt heim etter at ho var uønskt på ei adresse i Måløy.

Ved-tretida i natt vart også oppretta sak for kropskrenking mot ein mann 20-åra etter at han to gonger hadde lagt ein mann i 50-årar i bakken i Måløy sentrum

På Nordfjordeid vart ei dørvakt slått til av ein mann i slutten av tenåra, og politiet har oppretta saka for kropskrenking.

I Sogndal vart ein mann i slutten av tenåra meld for bruk av hasj, og køyrd heim av politiet.

I Florø måtte politiet like før midnatt rykke ut for avslutte ein fest på ein privat stad, etter melding om ordensuro.