Hopp til innhold

Parkert vogntog byrja å brenne

Det har vore ei travel natt for politiet i fylket, med mange bråkete festar, ein brann og ei sakna kvinne som kom til rette att.

Vogntog i brann i Aurland

BRANN: Eit byrja å brenne i Aurland i natt. Vogntoget stod parkert på ein busslomme ved riksveg 50.

Foto: NRK.no-tipsar

– Ei kvinne i 20-åra vart meldt sakna i Sogndal i natt, etter at ho ikkje kom heim frå fest. Etter nokre timar var ho komen til rette att, og då hadde både politi, raudekrossen og redningshundar vorte kalla ut, fortel operasjonsleiar i vest politidistrikt, Per Rimmen.

Politiet mistenkjer ikkje noko kriminelt eller dramatisk i samband med den sakna kvinna, men seier det ikkje hadde vore mogleg å få tak i ho før i morgontimane i dag.

I Aurland brann det i eit vogntog i natt. Det vart meldt frå om klokka halv sju i dag tidleg, og vogntoget stod parkert i busslomme på riksveg 50. Naudetatane rykte ut, og fekk sløkt brannen med ein gong.

Mykje festing i natt

Det har vore mykje festing i fylket i natt. Både i Måløy, Florø og på Årdalstangen måtte politiet gå inn og avbryte festar og nachspiel som laga for mykje støy og bråk. I Årdal melder politiet at eit nachspiel var ute av kontroll før dei kom til staden og roa det ned.

Politiet har også køyrd heim fleire menn i 40- og 50-åra som har vore overstadig berusa, og i Florø laut dei jage vekk nokre folk laga bråk i ei døgnopen forretning.