NRK Meny
Normal

Travel natt for politiet

Politiet måtte natt til sundag rykke ut og ta hand om rusa, og utagerande personar.

Politi-illustrasjon

RATTFYLL, BRÅK OG NARKOTIKA: Travel natt for politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Like før klokka halv eitt natt til sundag måtte politiet i Aurland trø til, og ta seg av ein person som sov i Gudvangen. Minutt etter hadde ein person fått knekt nasen i ein slåstkamp i Eid og var teken han om av helse.

Litt seinare måtte politiet ta seg av ein rusa person i Havreneset i Flora.

Til legevakta

Klokka 01.34 rykte politiet ut til Svelgen, der ein mann var utagerande, men vedkomande hadde roa seg før politiet kom fram.

Ein time seinare kom politiet over ei overstadig rusa kvinne i Eid. Ho vart henta av ambulanse og køyrt til legevakta.

Minutt seinare vart ein mann arrestert etter å ha bråka på ein utestad i Eid.

Fall utfor mur

Kvart på tre, natt til sundag måtte politiet ta han om ein person som hadde falle utfor ein mur i Kinnvegen ved Storevatnet i Florø. Han trong ikkje tilsyn av lækjar, opplyser politiet.

I Vågsøy måtte ein person sendast i ambulanse til legevakta i Eid, etter å ha blitt slått ned utanfor ein utestad.

Rusa sjåfør

Klokka 03: 37 stogga politiet ein rusa sjåfør på riksveg 15 ved Stårheim. Førarkortet vart kverrsett, og vedkomande tatt med til blodprøve.

Like etter vart ein bil avskilta i Førde på grunn av manglande forsikring.

I Eid vart det sett i gang leiting etter ei kvinne som var sakna frå ein institusjon, etter ein times leiting vart kvinna funnen i sentrum,

Klokka 04:10 stogga politiet ein bil i Førde. to av passasjerane i bilen vedgjekk bruk av narkotika.