Hopp til innhold

Vald, uro og bedrageriforsøk i natt

Politiet i Sogn og Fjordane fekk ein del å gjere natt til laurdag.

Politibil
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Litt over klokka 02 fekk politiet melding om ein mann som hadde vorte slått til av ein annan mann i Sogndal sentrum. Dei to kjente ikkje kvarandre frå tidlegare. Det er førebels uvisst om hendinga vert meld til politiet.

Om lag ein time seinare gjekk det hardt for seg i Måløy. Der var det ein mann i 30-åra som vart slått til av ein annan mann. Som i Førde, er det også her usikkert om hendinga vert meld til politiet.

Som vanleg ei natt til laurdag er det ein del som fekk litt mykje å drikke. I Florø måtte politiet ta hand om ein overstadig rusa mann i 30-åra, og køyre han heim.

Om lag på same tidspunkt, rundt klokka 03.00, fekk politiet melding om støy frå ei adresse i Måløy. Politiet reiste til staden, men det vart ikkje andre reaksjonar enn eit krav om lågare musikk.

Politiet melder også på sin logg at dei har rykt ut til eit bedrageriforsøk. I Førde måtte dei nemleg rykke ut etter dei fekk vite at to ungdomar ikkje betalte for ein taxi-tur. Men då politiet kom til staden, gjorde tenåringane opp for seg

Ut på natta fekk politiet også melding om ein påkøyrd hjort på fylkesveg 55 i Balestrand. Politiet reiste til staden, og viltnemnda er varsla.