Hopp til innhold

Narkotika og uro – travel natt for politiet

Det kan sjå ut som mange i fylket ville toppe ein laurdag med nydeleg vêr med ein tur på byen. For enkelte gjekk det litt for langt, og det gav politiet mykje å gjere.

Politibil

TRAVELT: Både narkotika og ordensuro gjorde at politiet måtte rykkje ut mange gonger i løpet av laurdag kveld og natt til sundag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det starta allereie laurdag kveld, då politiet sikta to personar på Malakoff for å ha og bruke hasj. Dei vart viste vekk frå staden og politimelde.

Seinare same kveld rykte politiet ut etter melding om uro i Kaupanger. Då dei kom til staden var ein mann i 20-åra svært utagerande, og gjorde skader på politibilen før han vart pågripen.

Mannen enda i arresten og saka vert etterforska ved Sogndal lensmannskontor.

Uro i byane

Natt til sundag vart tre personar i Florø tekne hand om av politi og ambulanse, då dei var overstadig rusa. To av dei vart køyrde heim, medan den tredje vart funnen liggande på eit fortau. Ambulansen køyrde han til Førde sentralsjukehus for ein kontroll.

Også i nabobyen i Sunnfjord, Førde, fekk enkelte for mykje å drikke natt til sundag. Politiet måtte også her rykkje ut å be folk om å roe musikken.

Seinare same natt i Førde vart ein mann slått til på ein serveringsstad i Førde. Den mistenkte erkjente hendinga, melder politiet. Det er enno ikkje klart om hendinga vert politimeld.

I Sogndal rykte politiet ut til ein bustad, etter melding om ordensuro. Ein rusa mann i 30-åra vart teken med til arrest.

Narkotika på Nordfjordeid

På Nordfjordeid har tusenvis av menneske vore samla til festival i helga.

I tillegg til dei to som vart sikta for bruk av hasj laurdag kveld, vart til saman fem andre personar sikta for bruk av narkotika, fire av dei hasj, i løpet av natta til sundag. Alderen på dei involverte er frå tenåra til 30-åra.

Det går ikkje fram av politiloggen om dette skjedde i samband med festivalen.

Politiet skriv at alle vart vist vekk frå staden, og at dei har oppretta sak.