Hopp til innhold

Travel natt for politiet - ordensuro i heile fylket

Politiet i Sogn og Fjordane har hatt ei travel natt til første mai.

Politibil

MYKJE Å GJERE: I natt har politi over heile fylket hatt mykje å gjere

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det starta allereie i går kveld rundt klokka 21.30, då politiet måtte ta hand om ein overstadig rusa, mindreårig gut i Sogndal. Guten vart sendt til lege.

Ein time seinare vart ein annan rusa, mindreårig gut henta av foreldra då han var utagerande mot to andre personar i Naustdal.

Like før midnatt var ein mann i 20-åra vist bort frå Sanden i Naustdal, der russen hadde fest i går kveld.

Ordensuro

Rundt klokka 01 i natt melde politiet om ordensuro fleire stader.

Ein privatfest i Florø vart for bråkete, og politiet reiste til staden og avslutta festen der 30-40 ungdomar var samla.

I Naustdal vart ein ungdom i slutten av tenåra politimeldt for å ikkje godta pålegg frå politiet. Han vart vist bort frå staden.

I Førde vart ei overstadig rusa jente teken hand om av politiet. Jenta i slutten av tenåra vart køyrt til legevakta.

Like før klokka 02 tok politiet han om ein rusa mann i 20-åra på Eid. Kameratar tok seg av mannen, og fekk han heim. Mannen hadde vore utagerande, og vert politimeld.

Litt etter klokka 02 blanda ein mann i 20-åra seg i politiet sitt arbeid, og følgde ikkje pålegg frå politiet. Mannen vart teken med til lensmannskontoret.

Promillekøyring

Klokka 03 vart ein ungdom i slutten av tenåra politimeld for drikking på offentleg stad i Sogndal sentrum.

Ein time seinare fekk politiet melding om mogleg promillekøyring i Sogndal. Politiet stansa bilen, og mistenkjer mannen i 60-åra for å ha vore rusa. Mannen vart ført til lege for å ta blodprøve.

Seinare på natta fekk politiet også melding om ein sakna russ i Naustdal. Men han vart etter alt hell funnen på Russeneset morgonen.