NRK Meny
Normal

Travel juninatt for politiet

Ein person ligg skadd på sjukehus, mistenkt for å ha krasja i rusa tilstand. To personar sit i arrest mistenkte for innbrot, og fleire stader har politiet måtte ta hand om både rusa og aggressive personar.

Operasjonssentralen i Florø

SMÅHEKTISK: Operasjonsleiar Per Rimmen tok søndag morgon over etter eit nattskift som hadde hatt litt av kvart å stri med. Arkivfoto

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dei har hatt sitt å gjere.

Slik summerer operasjonsleiar Per Rimmen opp politinatta i Sogn og Fjordane.

Politiloggen frå Vest politidistrikt i Florø fortel om ei rekkje hendingar, spreidd over heile fylket natt til søndag.

– Det har vore godt vêr og mykje folk ute. Vi har hatt normal bemanning og prøver å no over det vi kan, seier han til NRK.

Pågripne etter innbrotsforsøk

I kjellaren på politihuset i Florø sit to personar i arrest søndag morgon.

– Dei skal i avhøyr mistenkte for innbrot i ei leilegheit i Florø. Dette er personar politiet har kjennskap til frå før, opplyser Rimmen.

Dei to vart arresterte etter at politiet fekk melding om at uvedkommande hadde freista å bryte seg inn i ei leilegheit i kystbyen. Litt seinare vart to mistenkte arresterte og sett i arrest.

Krasja i Aurland

I Aurland rykte naudetatane ut etter melding om trafikkulykke ved Ohnstad, mellom Aurlandsvangen og Flåm.

– Føraren hadde smerter og vart frakta til sjukehus i Førde med smerter. Vi mistenkjer promillekøyring, opplyser operasjonsleiaren.

AMK-sentralen i Helse Førde opplyser til NRK at mannen som er i 20-åra er lettare skadd.

E16 var stengd eit par timar som følgje av ulykka som vart meldt like etter klokka 02.

Også i Jølster er ein person mistenkt for promillekøyring. Men med båt, etter at UP vinka han i land på Jølstravatnet.

Slik ser politiet i Sogn og Fjordane sin logg ut:

05.03: Melding om støy frå ein fest i Førde. Når politiet kjem til staden, er festen i ferd med å bli avvikla.

Ein UP patrulje har i løpet av natta hatt promillekontroll i Jølster. Ein båtførarar vart vinka på land frå Jølstravatnet. Vedkommande er sikta for båtpromille. 15 bilførarar vart også kontrollerte.

04.00: Politiet har i løpet av natta meldt fire personar for drikking på offentleg stad i Gaupne. Patruljen har måtte helle ut ein del alkohol.

03.20: Politiet fekk melding om at ein person hadde gått inn på eit kontor på ein bensinstasjon i Florø. Det er uvisst om noko vart stole. Politiet har namnet på vedkommande.

03.00: Politiet kontrollerte tre bilførarar i Vik for promille. Ingen utslag.

02.58: Melding om forsøk på innbrot i eit husvære i Florø. Politiet rykte ut til staden og arresterte litt seinare to mistenkte.

02.50: Melding om støy frå ein fest på Degnepoll i Vågsøy. Politiet reiste til staden og fekk avslutta festen.

02.40: Tilløp til slåsting i Høyanger sentrum. Ein person vart vist bort av politiet.

02.08: Trafikkulykke i Aurland. Bil køyrde av vegen mellom Aurland og Flåm. Føraren som var åleine i bilen vart frakta til sjukehus. Mistanke om promillekøyring.

01.49: Melding om festbråk på Sunde i Førde. Politiet fekk avslutta festen.

01.00: Politiet fekk melding om slåsting på Skei i Jølster. Ein mann i 30-åra hadde slått til ei vakt og vart vist bort frå staden av politiet. Saka blir oppretta.

00.34: Promillekontroll i Høyanger sentrum. 44 bilførarar vart kontrollerte. Ingen utslag. Eitt gebyr for manglande bruk av bilbelte.

00.29: Klage på feststøy frå ein campingplass i Førde. Politiet reiste ut og fekk avslutta festen.

00.27: Politiet kom over ein overstadig rusa person på Årdalstangen. Vedkommande vart køyrd heim.

00.08: Klage på høg musikk frå eit hus i Førde. Politiet reiste til staden og fekk dempa lydnivået.

00.00: Politiet fekk melding om at ein mann i 30-åra oppførte seg trugande mot ei vakt på Skei i Jølster. Politiet reiste til staden og køyrde vedkommande heim.

23.36: Politiet fekk melding om, og tok hand om, ein overstadig rusa person i Florø sentrum. Vedkommande vart køyrd heim.

23.23: Melding om krangel mellom ungdommar i Gaupne sentrum. Politiet reiste til staden. Ein mann i 20-åra er mistenkt for skadeverk på ein lyktestolpe.

Vegopning på Bergum i Førde kommune