Hopp til innhold

Trassar regnvêret for 4H-leir

Dei unge 4H-medlemane i fylket blir betre kjent med kvarandre og dyra på fylkesleir.

I fjøset

I FJØSEN: Lieke Wunkelhorst i fjøsen på Mo Landbruksskule.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Vi har sove i telt, og vi har hatt leikar for å bli betre kjent med kvarandre, seier Lieke Wunkelhorst.

Den siste helga i juni er meir enn 300 unge på fylkesleir med 4H på Mo landbruksskule like utanfor Førde. Her trassar dei regnvêr og våtmark, og overnattar i telt.

Koppelam

OMSORG: Det vesle kopplammet får mjølk av Lieke Wunkelhorst (i midten).

Foto: Ahmad Dean / NRK

Wunkelhorst sit på huk og klappar eit kopplam som skal få flaske. På leiren får ungdomane vere tettare på dyr enn kva mange av dei er vant til, med stell av både kyr og sauer.

– Dette burde alle få oppleve

– Mange unge får ikkje vere med og handtere dyr i dag. Det er veldig givande å vere med dyr, så det meiner eg alle burde få oppleve, seier Rolf Atle Haugland, som jobbar på leiren.

Over 300 på 4H-leir

TELTLEIR: Slik ser det ut i teltleiren på skulen.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Han rettleiar dei unge i å mate, fange inn og kjæle med dyra.

Mykje å lære

I tillegg til å lære om dyr, er målet at lokallaga skal bli betre kjent på fylkesleiren. Gunhild Sandal, som har vore med på å arrangere fylkessamlinga, fortel at telta som ungane ligg i er organisert etter kva kommune dei kjem frå.

– Her får du nye vennar, du lærer om naturen, du lærer å stå på ei scene, og du lærer å ta bilete. Det synest eg er bra, seier Sandal.

Rolf Atle Haugland håpar at nokon får lyst til å bli bonde av å delta på leiren.

Rolf Atle Haugland

MATING: Haugland meiner at fleire unge bør få vere med og handtere dyr.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Ein får eit litt anna inntrykk av ting når ein står midt oppi det. Når ein får klappe og ta hand om dyr blir det kanskje litt annleis enn når ein les om det, seier Haugland.