Hopp til innhold

Mange har brannsløkkingsapparat som er gått ut på dato

FØRDE (NRK): Folk slurvar framleis med branntryggleiken i heimane sine. Tilsyn avdekka at ein av fire bustader hadde feil på brannsløkkingsapparata.

SJEKK APPARATET DITT: Er du ein av dei som ikkje har sjekka sløkkeapparatet ditt? Feiar Andreas Lid viser deg korleis du kan gjere det.

Informasjonsdirektør i forsikringsselskapet If, Jon Berge

VEIT FOR LITE: Informasjonsdirektør Jon Berge i IF trur mange framleis har for dårleg kunnskap om korleis å sjekke og vedlikehalde brannsløkkingsapparat.

Foto: Kilian Munch

– Dette er eit veldig høgt tal, men eg er ikkje overraska, seier informasjonsdirektør i IF Skadeforsikring, Jon Berge.

Tilsynstalet stammar frå den mest folkerike kommunen i Sogn og Fjordane, Førde, der feiarane i fjor gjennomførte over 700 tilsyn. Nesten eitt av fire kontrollerte hus hadde avvik på sløkkeapparatet sitt, der storparten hadde gått ut på dato.

Det finst ikkje nasjonale tal på kor mange som slurvar med brannsløkkingsapparata. Men Berge trur tala frå Førde kan overførast til resten av landet.

– Dessverre viser også undersøkingar vi har gjort at folk er litt for lite flinke til å ha dette i orden.

Folk treng ei stadig påminning

Den siste veka har sprengkulda lagt seg over Sør-Norge, og med bitande minusgrader kjem fyring og anna oppvarming. Det er ikkje farefritt.

Ifølgje Norsk Brannvernforeining startar dei fleste brannar i det små og kan handterast med fungerande sløkkeapparat.

Er uhellet ute og du treng eit sløkkemiddel kan det difor få store konsekvensar om det ikkje verkar. Om du søv og røykvarslaren er i ustand kan det få katastrofale følgjer for liv og helse.

– Mange tenker nok ikkje på dette i kvardagen. Folk kan ikkje bli minna om dette ofte nok, seier Berge.

Feiarlærling Andreas Lid på tilsyn

SJEKKAR FYRINGSANLEGG: På tilsyn ser feiarlærling Andreas Lid mellom anna etter sprekkar i skorstein og om det er brennbart materiale for nær feielukene.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Finn mange feil på tilsyn

At røykvarslarar og sløkkemiddel er viktig, er det få som motseier. Berre i Førde gjennomførte feiarane i fjor 727 bustadtilsyn for å sjekke at desse tinga er i orden. Det vart registrert 600 avvik, der 350 av desse var å rekne som alvorlege.

Defekt slokkeapparat

DEFEKT: Utan trykk vil ikkje innhaldet kome ut.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Nesten hundre husstandar mangla, hadde feilplasserte eller defekte røykvarslarar. Feiarane har sett at batteri er tekne ut for å brukast i andre elektriske apparat.

Alvorlege avvik er oftast mangel på sløkkemiddel og røykvarslarar, og einskilde grove feil ved sjølve eldstaden, seier brannsjef i Førde kommune, Bernhard Øberg.

Sjølv om brannsjefen meiner feil bruk eller feil på elektriske anlegg er den vanlegaste brannårsaka, er han overtydd om at det hadde vore fleire brannar viss dei ikkje hadde lov til å gjere tilsyn i heimane til folk.

– Utan tilsyn ville det vore fleire feil ved fyringsanlegg og fleire heimar utan forsvarleg varsling og sløkkemiddel.

– Ting endrar seg sakte

Undersøkinga Berge viser til vart gjort av IF i 2010. Den viste at dei fleste ikkje kjenner reglane for kontroll og service, og at mange heller ikkje anar kor gamle sløkkeapparata er.

Sjølv om det ikkje er gjort nyare undersøkingar, trur ikkje Berge ting har endra seg mykje.

– Erfaringar frå fleire tiår med informasjonsarbeid om førebygging av brann i heimane til folk, viser at ting endrar seg sakte. Så desse tala gjeld nok enno. Det trengst mykje informasjon, så det er bra kvar gong dette blir teke opp.