Hopp til innhold

Trappeløpet i Høyanger

Sindre Hoff og Malene Blikken Haukøy stod att som vinnarar etter Noregs brattaste motbakkeløp, opp dei 1268 trappetrinna i kabelbana i Høyanger.

Trappeløpet Høyanger

1260 TRINN: Opp desse trappene sprang over 300 menneske i Høyanger.

Foto: Maria Brendehaug Petersen

– Dagen har vore hektisk, men det har vore mykje folk og dei har kosa seg veldig, seier Lars Jonas Pedersen, styremedlem i Gøyanger.

Det var 74 påmelde i konkurranseklassa, og meir enn 250 i trimklassen. Sigeren i herreklassen tok Sindre Hoff som var ein favoritt, og i dameklassen vann Malene Blikken Haukøy frå Høyanger.

Spenning knytt til vinnarane

Vinnaren i herreklassa, Sindre Hoff sprang på tida 9.21. Han hadde ikkje tenkt å springe trappeløpet i år, men melde seg på kvelden før.

Trappeløpet 2016, Sindre Hoff og Karianne Gudvangen

VINNAR: Her er Sindre Hoff under trappeløpet i 2016. Han vann også i år.

Foto: Arvid Fimreite

– Eg hadde ikkje mål om å vinne, men eg visste at det var mogleg. Eg er ikkje i kjempeform, men var kanskje i betre form enn eg hadde trudd, seier Hoff.

Likevel var det ikkje uventa at han ville ta sigeren ifølge styremedlem i trappeløpet, Lars Jonas Pedersen.

– Hoff har vunne fleire gonger. Så han er eit sterkt kort vi alltid følger med på. Han er rutinert og sprek, seier styremedlem Lars Jonas Pedersen.

I kvinneklassen tok Malene Blikken Haukøy sigeren med tida 10.44.

Det var knytt stor spenning til den kvinnelege vinnaren frå Høyanger, om ho kom til å ta den fem år gamle løyperekorden.

– Ho har gått trappene mange gonger og er sprek. Det var ikkje uventa at ho skulle vinne, men eg trur ho var om lag ti sekund unna rekorden, seier Pedersen.

Malene Blikken Haukøy

VINNAR: Malene Blikken Haukøy vann i kvinneklassen med tida 10.44

Arrangert i 25 år

Løpet har vorte arrangert i Høyanger sidan 1992, og samlar både mosjonistar og ganske seriøse utøvarar.

Det går opp mot halvannan time før dei siste utøvarane i konkurranseklassa er i mål. Dei kjappaste brukar under ti minutt, medan nokre må meir enn det dobbelte før dei er på toppen av trappene.

Odd Arild Løseth

BRATT: Trappeløpet i Høyanger er det brattaste motbakkeløpet i Norge.

Foto: privat

Middag og fest etter løpet

Og etter løpet er det duka for fest midt i Høyanger sentrum. Motbakkeløpet blir nemleg avløyst av både bankett og feiring på bytorget.

– Det pleier å kome opp mot 500 menneske på etterfesten, så det er ein stor del av arrangementet, seier Synne Vefring i sekretariatet til trappeløpet.

– No er det å hive seg om til finstasen og gjere seg klar til premieutdeling, seier styremedlem Lars Jons Pedersen på veg ned igjen etter målgang.