Transportverksemder jublar over E39

– Det raskaste og mest naturlege alternativet har vunne fram, jublar nøgde aktørar i transportnæringa.

Transport

NØGD: Magne Ahlin i Slindre Transport og Rolf Olav Tenden i Tenden Transport meiner Vegvesenet ha gjort eit rett val.

Foto: NRK

Kunne ikkje ha vore betre

– Vegvesenet sitt framlegg om ny E39 kunne ikkje ha vore betre, seier dagleg leiar ved Slindre Transport i Sogndal, Magne Ahlin.

Kvar natt køyrer transportfirmaet varer over Utvikfjellet og inn til Stryn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magne Ahlin

BESTE TRASÉEN: Magne Ahlin i Slindre Transport køyrer ofte til Stryn, og gler seg til betre forhold på vegen.

Foto: Arne Eithun

I neste veke skal lastebileigarforbundet i fylket ha møte om tilrådinga, men allereie no har Ahlin gjort seg opp ei klår meining.

– Då eg høyrde innstillinga frå vegvesenet vart eg glad, eg hadde håpa dette skulle skje, seier Ahlin.

Best og billegast

Vegvesenet sitt forslag er å leggja vegen i ein ny tunnel under Utvikfjellet og byggje ei ny hengebru over Nordfjorden ved Svarstad i Stryn kommune.

Men ikkje alle er nøgde med Vegvesenet si tilråding.

Ahlin trur likevel at transportnæringa står relativt samla om å vere positive, og han får støtte frå Rolf Olav Tenden i Tenden Transport.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rolf Tenden i Tenden Transport

FORNUFTIG: Rolf Olav Tenden har lenge kjempa om tunnel gjennom Utvikfjellet, og meiner Vegvesenet gjorde eit godt val.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– For vårt firma, og for transportnæringa i indre Nordfjord, er dette ei positiv melding, seier Tenden.

Hadde ein mistanke

Tenden har lenge kjempa om tunnel gjennom Utvikfjellet, og er ikkje overraska over at Vegvesenet ser på dette som det beste alternativet.

– Eg har hatt mistanke om at Vegvesenet har jobba for dette det siste halve året, og eg må seie dei gjorde eit godt val, held Tenden fram.

Fornuftig

Både Ahlin og Tenden meiner at trasévalet er den mest effektive alternativet.

– Transportnæringa er nok samla om at den kortaste og flataste vegen er det beste, og difor er tilrådinga om at E39 skal gå innom Stryn eit veldig naturleg val, seier Tenden, og legg til:

– Fornufta sigra til slutt.