Transportkomiteen erfarte uver

Transportkomiteen på Stortinget var i går på vitjing i Sogn, men ifølgje Sogn Avis kom dei seg ikkje opp på Vikafjellet slik dei hadde tenkt. Komiteen skulle på synfaring på den verutsette fjellovergangen, men det sette uver og ras ein stoppar for. – Ein kan tenkja seg kor frustrerande det er for dei som er busett i Vik. Det er inga tvil om at vegen er naudsynt å sikra. Her er tunnel den beste løysinga, seier komiteleiar Helge Orten (H) til avisa.

Leder av transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Helge Orten (H) i førerløs buss på Kbg
Foto: Svein Ommundsen / NRK