Hopp til innhold

Transferd sel godsavdelinga si i Ålesund

Etter fleire år med dårlege resultat har styret i Transferd AS bestemt seg for å selje godsavdelinga si i Ålesund.

Transferd

SEL UT: Transferd kvittar seg med godsavdelinga i Ålesund.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har selt avdelinga i Vegsundet utanfor Ålesund til ei gruppering på Sunnmøre, der hovudaksjonær er Veøy AS, seier styreleiar i Transferd, Peter Midthun.

Transferd AS er eigd av Firda Billag AS. Selskapet har ikkje lukkast med godssatsinga si, og i fjor hadde selskapet eit underskot på 2,5 millionar kroner.

Trass i at pilene har peika rett veg, tek likevel styret grep.

– Det er ikkje nokon løyndom at vi har slite med innteninga på godssatsinga vår i mange år. Vi tek ned engasjementet og risikoen vår, og så konsentrerer vi oss om å få det til i eige fylke, seier Midthun.

Reduserer omsetnaden med 100 millionar

Kjøparane er ei gruppe lokale aktørar med utgangspunkt på Møre, Lars Elling Bjaastad, Nils Anders Larsen og Arne Langseth i Veøy AS.

Salet av avdelinga i Ålesund fører til at selskapet reduserer omsetnaden sin med 100 millionar kroner og om lag 80 tilsette.

– Dei går over til det nye selskapet. Eg går ut ifrå at dei får behalde jobben, for dei ønskjer å halde fram den same aktiviteten som vi har hatt på Sunnmøre, seier Midthun.

Partane er samde om å ikkje gå ut med kjøpesummen.

– Ein ting er betalinga vi fekk, noko anna er at vi får eit mindre selskap slik at vi kan konsentrere oss om eit mindre område, seier Midthun.

Har ikkje vore gode nok

Styreleiaren legg til at det er vanskeleg å peike på ein isolert faktor som er årsaka til at Transferd ikkje har fått til tilfredsstillande resultat.

– Vi må vere så ærlege å seie at vi ikkje har vore dyktige nok i denne marknaden. Det er fleire årsaker til at vi ikkje har lukkast, seier Midthun.

Peter Midthun

MÅ TA GREP: – Vi har ikkje vore dyktige nok i denne marknaden, seier styreleiar i Transferd, Peter Midthun.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det vert jobba aktivt med å snu minus til pluss i Transferd.

– Vi har gjort store endringar i drifta vår, og det gjer vi heile tida. Vi meiner vi no er i posisjon til å få dette til, seier Midthun.

Transferd vil etter salet ha ein omsetnad på om lag 170 millionar kroner og 160 tilsette.