NRK Meny
Normal

Tranformator-flytting råkar kraftprodusentane økonomisk

Avgrensa kapasitet på nettet gjer at fleire kraftprodusentar i fylket ikkje får levert straumen dei produserer.

Så enormt må statnett sitt vogntog være, når de skal flytte en trafostasjon opp på et av sogn sine høye fjell ved Øvstedalen.

SKAPAR PROBLEM: Tidlegare i sommar frakta Statnett opp ein av trafoane som skal på plass på den nye stasjonen som er under bygging på Hagafjellet i Sogndal. Under arbeidet vil nettkapasiteten på linjene sørover vere redusert, noko som skapar problem for kraftprodusentane. (Video: Steinar Lote)

Problema skuldast bygginga av ein ny trafostasjon i Sogndal, der den gamle transformatoren skal flyttast frå fjordkanten i Fardal og opp på fjellet. Arbeidet er ein del av den nye kraftlinja mellom Ørskog og Sogndal som skal sikre straumforsyninga i Midt-Norge og gje kapasitet til ny produksjon i Sogn og Fjordane.

Men medan arbeidet går føre seg vil det vere avgrensa kva nettet kan ta imot av straumen som skal sørover i landet.

– Det medfører at ein del anlegg som kunne ha produsert, i staden må magasinere smeltevatnet, seier Asgeir Aase, konstituert konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi.

Trafo på veg til Hagafjellet

NY TRAFO PÅ VEG: I dag vart ein ny trafo frakta opp frå fjorden til trafostasjonen på Hagafjellet.

Foto: NRK-tipsar / NRK

– Alle vil få økonomiske tap

Førebels er kapasiteten til dei fleste magasina enno ikkje er nådd. Men det går mot økonomiske tap for alle kraftprodusentane i fylket.

– På sikt, når vi får enno meir smeltevatn, og vi byrjar å få overløp, så vil tapa verte betydelege, seier Aase.

Asgeir Aase

FÅR KONSEKVENSAR: Asgeir Aase, konstituert konsernsjef i SFE, trur alle kraftprodusentane i fylket vil lide økonomiske tap som følgje av den avgrensa nettkapasiteten.

Foto: Johan Moen / NRK

Førebels er småkraftprodusentane i fylket skåna. Dei har ikkje magasin og høve til å regulere kraftproduksjonen, og har difor fått forkøyrsrett på det avgrensa nettet.

– Men i takt med at alt går seg fullt, vil eg tru at ein vil få avgrensingar for kva alle andre òg får lov til å produsere. Slik at dette vil nok få konsekvensar for absolutt alle, trur Aase.

Aukar truleg ikkje faren for flaum

På grunn av striden i Myklebustdalen er det framleis usikkert når nettet vil vere oppe og gå for fullt.

– Før ein veit kva som skjer der, er det ein noko usikker tidshorisont på heile anlegget, seier Aase.

Sommaren har late vente på seg, men no verkar snøsmeltinga i fjellet å starte for fullt. Likevel trur ikkje Aase at problema med å få levert straum og etterfølgande press på magasina, vil føre til ekstra flaumfare. Sjølv om han ikkje kan gje nokon garanti.

– Alle kraftprodusentane i fylket som har regulerbare anlegg er merksame på dette, og har for lengst sett i gang tiltak og disponert vassressursane for å førebygge ein flaumsituasjon. Dette må vi følgje tett på, men det er ikkje overløp førebels, seier Aase.

Sogndal trafostasjon på Hagafjellet

TEK FORM: Utbygginga på Hagafjellet i Sogndal er eit ledd i bygginga av ei ny kraftlinje mellom Ørskog og Sogndal.

Foto: NRK-tipsar/NRK