Hopp til innhold

Traktoren vart berginga

Brått stod vatnet så høgt rundt huset i Fortunsdalen at det ikkje gjekk an å kome seg unna til fots.

Huset til Sonja Kristin Bjørnevåg
Foto: Oddny Urnes

Dermed vart ein nabo med traktor berginga for ein familie med tre små barn tysdag kveld.

Sjå bileta av ras og flaum

Flaum og ras skapte store problem i Sogn rysdag ettermiddag og kveld. I Jostedalen kunne Kristen Alsmo fortelje: - Eg står til knea i vatn På vegen mellom Fortun og Mørkridsdalen vart eit par berga då ein foss skylde vekk vegen . Mellom Gudvangen og Stalheim kom eit stort ras og stengde E16 .

– Steig i enormt tempo

– Alt gjekk så fort, vatnet steig i eit enormt tempo, og plutseleg fekk vi verkeleg dårleg tid, seier Sonja Kristin Bjørnevåg i Fortunsdalen til bt.no .

– Det vart nokså dramatisk. Klokka 19 var det ikkje vatn på tunet, og to timar seinare var det skummelt å ta seg fram med traktor, fortel ho til NRK Sogn og Fjordane.

– Korleis reagerte dei tre ungane dine på det som skjedde?

– Dei skjønte vel ikkje alvoret før vi reiv dei ut av bilen og opp i traktoren. Då skreik dei litt.

Verre med huset til foreldra

– Korleis var det å oppleve at vatnet steig så fort?

– Vi var redde ei stund for at vatnet skulle kome over grunnmuren, og det gjorde det vel og så vidt, men då tok det til å gå ned att.

Huset til familien er nytt og har kome frå flaumen utan store skadar. Vatnet trengde berre inn i vaskerommet. Verre er det med huset til foreldra, der kjellaren vart fylt av vatn.

Veg vaska vekk

Onsdag ser det ikkje særleg pent ut rundt huset, det er gjørmete, og vegen er vaska vekk.

– Har du opplevd slik flaum før?

– Eg kan hugse at då eg var åtte år så rann det vatn gjennom tunet, men det var ikkje slike mengder som no. Naboen seier det var verre no enn i 1966, då og var det ganske gale.

Huset til foreldra til Sonja Kristin Bjørnevåg

Slik såg det ut rundt huset til foreldra til Sonja Kristin Bjørnevåg onsdag morgon.

Foto: Oddny Urnes