Hopp til innhold

Ny Moods-sjef er usikker på om traktoren treff utlandet

Moods of Norway sin veletablerte traktor-logo kan vere historie.

traktor

KAN FORSVINNE: Den knall rosa traktoren kan vere noko av det Moods of Norway må tone ned for å slå an i Europa.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

Med ny sjef for Moods of Norway i Stryn skal dei no ta tak i klesfirmaet for å gjere dei kjende i Europa.

George Santacroce som er den nye administrerande direktøren har tidlegare vore sjef i kjende motehus som Burberry, Yves Saint Laurent og Tommy Hilfiger.

Det er Dagens Næringsliv som skriv at med den nye satsinga kan det òg bli snakk om å tone ned noko av dei rotnorske effektane. Den rosa traktoren som har blitt varemerket til det norske klesmerket kan difor forsvinne.

Verksemda som i fjor vart kåra til årets bedrift av Innovasjon Norge skal no markere seg på kartet.

Santacroce har allereie sett i gong store endringar for å ta Moods of Norway ut i Europa.

– For å vere konkurransedyktige i utlandet må vi profilere oss litt annleis. Humoren skal kommuniserast på ein meir subtil måte, seier han til avisa.

Sjølv om traktoren kan forsvinne lovar den nye sjefen at profilen til klesmerket framleis skal vere fargerik og leiken. Næringskomiteen på Stortinget er i dag på besøk i Stryn der dei skal få møte den nye direktøren for moteverksemda.

Etter eit svakare år for Moods of Norway tek ikkje eigarane utbytte i år, og dei har samstundes inngått sluttpakkar med fleire tilsette.