«Eg vart heilt rørt. Flotte og staute bønder. Dette er landbruk!»

Slik har du ikkje sett bønder før. Ein høgst uvanleg fotoseanse fann stad i Fjærland når mesterfotograf Oddleif Apneseth laga fotokunst.

Rundballe-fotokunst i Fjærland

DIRIGERTE: Ingen ting vart overlate til tilfeldigheitene når fotograf Oddleiv Apneseth foreviga gardbrukarane i Fjærland.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

– I dag overgjekk Fjærland seg sjølv. Eg vart heilt rørt når eg såg bøndene stå oppe på traktorane. Eit statement med skikkeleg trøkk. Flotte og staute bønder. Dette er landbruk, seier festivalgeneral Eline Orheim.

24 traktorar deltok

Alt som kunne rulle av traktorar i jordbruksbygda Fjærland var i aksjon då fotograf Oddleiv Apneseth frå Jølster laurdag avslutta sitt rundballe-fotoprosjekt.

Den prisbelønte fotografen er offisiell festivalkunstnar til årets Rundballefestival som finn stad siste helga i august.

Rundballe-kunst i Fjærland

STAUTE KARAR: Bondelagsleiaren i Fjærland, Knut P. Bøyum flankert av to av sine sambygdingar.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

– Så godt som alle aktive bønder i Fjærland deltok. Også dei som er faste avløysarar. Frå nokre gardar møtte både kone og mann, fortel Orheim.

Førebuingane til den noko spesielle fotoseansen starta alt fredag. Då la Apneseth ut 21 markørar for kor han meinte dei ulike traktorane burde stå. Då bileta skulle takst laurdag føremiddag var 24 traktorar møtt opp. Alle fekk vere med.

– Bøndene tek ikkje seg sjølv så høgtidleg

– Anders Skarestad var sporty og let oss bruke bøen hans. Vi hadde flaks med tørre og gode forhold, fortel Orheim.

Inkludrert kaffipause tok heile seansen to timar.

Det kom mange skuelystne som ikkje var bønder. Vi avslutta med kringle og kaffi, seier festivalsjefen.

Ho har lagt ned mykje arbeid framfor årets Rundballefestival som er den tredje i rekkja. Den første gjekk av stabelen i 2002, og har kvart fjerde år blitt ein tradisjon i sognebygda som elles er mest kjend som bokby og vertskap for Norsk Bremuseum.

– Latteren sit laust i Fjærland. Bøndene her tek ikkje seg sjølv så høgtidleg, seier Orheim.

Bonde inntulla i rundballe-plast

Tidlegare i førre veke fotograferte Apneseth ein bonde som saman med traktoren sin var inntulla i kvit rundballe-plast. Fotoprosjektet er ein del av eit to-delt kunstprosjekt til årets festival.

Video Rundballe-kunst i Fjærland

Nye tankar til landbruket

– Den andre delen er det bøndene sjølve som står får. Under festivalen siste helga i august er bøndene nett ferdig med siste slåtten. Då kan dei lage kunst av første og andreslåtten og stiller litt friare til kva ein kan gjere på bøane, forklarer Orheim.

Ho legg vekt på det sosiale, men også det faglege som ei drivkraft for festivalen.

– Jordbruk er viktig i Fjærland. Det at bøndene får eit fagleg og sosialt fellesskap viktig. Vi legg stor vekt det faglege og freistar å setje dagsorden og bringe nye tankar til utviklinga av landbruket.

I tillegg lokkar festivalen sjølvsagt med ei god dose galskap.

Rundballe-VM

– Det blir leik og aktivitetar for store og små. Rundballe-VM med test i spenst, styrke og uthaldenheit, hinderløype med meir, lokkar festivalsjefen.

Rundballe-fotoshoot i Fjærland

SKUELYSTNE: Fotoseansen vekte interesse også blant dei som ikkje tilhøyrer landbruket i sognebygda.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Ho gler seg til å la publikum sjå resultatet frå Oddleiv Apneseth sine fotostunt. Fotografia blir blåst i storformat, ikkje ulikt Apneseth sitt fotoprosjekt der han fotografert jølstringar gjennom eit heilt år.

Men kor i bygda bileta skal henge, er førebels uvisst.

– Det må fotografen få avgjere, seier festivalsjefen.