NRK Meny
Normal

Traktor byrja brenne i Fjærland

Ein traktor stod i full fyr i Fjærland i natt. Verken personar eller bygningar kom til skade i brannen, men traktoren er totalskadd.

Brann i traktor

FULL FYR: Ein traktor var slukt av flammar i natt.

Foto: Jo Marius Bøym

Det var i 01-tida at politiet fekk melding om brannen. Då brannmannskap kom fram til Fjærland var brannen sløkt.

Traktoren er totalskadd. Førebels er årsaka til brannen ikkje kjend, opplyser politiet.

Saka vil bli etterforska vidare ved Sogndal lensmannskontor.

Traktor i brann

FLAMMAR: Traktoren som brann i Fjærland vart totalskadd.

Foto: Jo Marius Bøyum

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.