Traktor av vegen

Like etter klokka fire i natt fekk politiet melding om ein traktor som hadde sklidd av vegen og ned i grøft i Bygstad i Gaular. Føraren, ein mann i 30-åra, opplyste til politiet at han var litt forslått men elles uskadd. Han opplyste også at det var glatt vegbane. Det er meldt om litt lekkasje av diesel, og bergingsbil er rekvirert.