NRK Meny
Normal

Føraren av traileren som tok fyr i Gudvangatunnelen er sikta

Føraren av traileren som byrja å brenne i Gudvangatunnelen er no sikta. Etter avhøyr av fleire vitne kjem det fram at semitraileren skal ha hatt problem lenge før tunnelbrannen, seier etterforskningleiar Per-Thomas Klingenberg.

Gudvangatunnelen

I GANG MED ÅSTADSUNDERSØKINGAR: I dag går politiet i gang med undersøkingar inne i Gudvangatunnelen.

Foto: Arve Veum/Monika Blikås / NRK

– Det har kome fram at traileren skal ha hatt problem lenge før tunnelbrannen. Vitne har mellom anna fortalt om røyk frå køyretøyet lenge før brannen, seier Klingenberg.

Sjåføren er sikta

Den polske føraren er no sikta for å ha ført eit køyretøy han visste at ikkje var i forsvarleg stand. Dette kunne medført at menneskeliv gjekk tapt, seier etterforskningsleiaren.

Ifølgje vitne skal traileren ha hatt problem lenge før tunnelbrannen. Politiet har avhøyrt om lag 20 vitne i saka, og fleire av desse seier dei har sett trailersjåføren stogge fleire gonger før tunnelen. Traileren har vore veldig varm, og det kom røyk frå traileren.

Sjåføren skal ha visst at noko gale kunne skje med køyretøyet, det er dette som gjer dette så alvorleg, seier etterforskningsleiaren.

Dei fyrste avhøyra av sjåføren blei gjort allereie i Aurland etter ulukka måndag ettermiddag. I tillegg tok politiet eit avhøyr med den polske trailersjåføren på sjukehuset i Lærdal. Det siste avhøyret er tatt av politiet i Bergen i dag, etter at han vart utskriven frå sjukehust i går kveld, fortel Klingenberg.

Går i gang med åstadsundersøkingar i dag

I dag går politiet i gang med dei første åstadsundersøkingane i Gudvangatunnelen. Politiet har òg bedt om hjelp frå Kripos til å etterforska brannen, seier etterforskningsleiaren.

Det har vore geolog på staden og stadfesta at forholda i tunnelen har vore så usikre at det ikkje har vore forsvarleg å sleppe inn verken politi eller andre til å gå forbi staden semitraileren tok fyr, før i dag.

– Det har vore mykje nedfall av stein inne i tunnelen, det har gjort det vanskeleg for politiet å etterforske, fortel etterforskningsleiaren.

Men i dag skal politiet gjere dei første undersøkingane inne i tunnelen. Undersøkingane blir gjort frå den staden traileren tok fyr, og så langt det står bilar. Deretter blir bilane trekt ut på Gudvangasida. I tillegg står det att ein buss og eit anna vogntog inne i tunnelen. Dei vil bli tatt ut i torsdag morgon, fortel Klingenberg.

– I dag er det hovudsakleg å ta bilete og filme for å finne ut kor alle bilar står i forhold til sjølve brannstaden, fortel Klingenberg.

– Er det uheldig for undersøkingane at det har tatt så lang tid?

– Åstaden er intakt, så det vil ikkje ha noko å sei for etterforskinga, seier lensmannen.

Har bedt Kripos om hjelp

Politiet har fått bistand frå Havarikommisjonen, i tillegg vil Kripos gå gjennom heile vogntoget med fokus på brannårsak.

Det er ikkje vanleg at Kripos blir kopla inn i slike saker, men ein av grunnane kan vere media sitt fokus på saka, seier Klingenberg.

– Det er uvanleg at Kripos blir kopla inn, men her er det viktig å finne ut kva årsaka til brannen var, seier etterforskningsleiaren.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser