Hopp til innhold

Trailersjåfør risikerer bot

Sjåføren som køyrde traileren som miste tre containerar i Lotetunnelen på E39 i Eid torsdag må truleg betale ei bot.

Trailer miste containerar i Lotetunnelen

DUNDRA I VEGBANA: Toppen av containerane var 4,26 meter over asfalten.

Foto: Øystein Torheim

Lensmann Webjørn Moa i Eid seier det er oppretta sak mot sjåføren, og at han risikerer å måtte betale ei bot fordi lasta var for høg. Ei kontrollmåling viste at lasta raga 4,26 meter opp over asfalten. Tunnelen er skilta med største høgd 4,00 meter.

Webjørn Moa

- SJÅFØREN RISIKERER BOT: Lensmann Webjørn Moa.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det var i 12-tida torsdag 13. desember traileren frå Transferd i Ålesund møtte eit anna stort køyretøy inne i Lotetunnelen. Då han la ut til høgre tok containerane oppi tunneltaket og vart rivne av.

Ingen personar kom til skade i uhellet, men tunnelen var stengd i rundt fire timar. Containerane blir frakta mellom Kårstø og Kristiansund.

Også i juli 2011 mista ein trailer ein container inne i Lotetunnelen, 50 meter frå der uhellet skjedde sist torsdag. Som no var det ein raudmåla container, men den gongen kom traileren frå eit anna transportselskap, seier Moa.