– Da politiet kom til staden, var det kaos. Det var ein bråte med bilar som stod fast, og mange vogntog som ikkje kom seg vidare. Mange vogntog kom framleis på sommardekk, fortel operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Utlending på sommardekk
Det var ein utanlandsk lastebil på sommardekk som i femtida i går kveld utløyste kaoset. Kraftig snøfall førte til svært glatte vegar, og mellom Gudvangen- og Flengja-tunnelen måtte den dårleg skodde utanlandske lastebilen gje tapt. Etter kvart kom fleire bilar frå begge sider og hamna midt i eit kaos av fastkøyrde bilar.
Etter fem timar hadde politi og vegvesen greidd å slepe vegg 30 lastebilar. Kor mange bilar som var involvert alt i alt, har ikkje operasjonsleiar Rimmen peiling på.
Ignorerte raude stopplys
Tunnelane på begge sider av trafikkorken vart stengde med raude blinkande lys. Det som gjorde kaoset komplett, var at fleire bilistar såg vekk frå desse, seier Per Rimmen ved politiet sin operasjonssentral.
Også Atle Osen ved Vegvesenet sin vaktsentral i Lærdal, er oppgitt over at fleire bilistar trassa raude lys i Gudvangen- og Flengja- tunnelen i går. Han trur ikkje folk forstår kva dei gjer når dei køyrer på raudt.
– Eg forstår ikkje at folk tør. Det kunne like gjerne vore brann i tunnelen. Det er svært skremmande at bilistar ignorerer raudt stopplys, seier Atle Osen. Han minnar om dei tragiske tunnelbrannane som har skjedd lenger sør i Europa der mange ikkje kom ut att i live.