Hopp til innhold

Trailer velta i Aurland

Ein mann vart lettare skadd då traileren han køyrde velta på E16 ved Flenjatunellen i Aurland. Mannen er send til sjukehuset på Voss for behandling.

Politiet fekk melding om ulukka litt før klokka seks i dag tidleg. Vegen er ikkje stengd. Uhellet skjedde i ein skarp sving, men politiet veit enno ikkje noko om årsaka til trailervelten.