Hopp til innhold

Trailer mista container på fem tonn

Semitrailer mista fem tonn tung container i Lotetunnelen på E39.

Mista container i Lotetunnelen.

SPERRAR E39: Denne containeren sperrar vegbana inne i Lotetunnelen.

Foto: Åge Andre Breivik

Det vart i trangaste laget då ein semitrailer møtte ein lastebil i Lotetunnelen på E39 i middagstider torsdag. Køyretya kilte seg, og det enda med at containeren vart dregen av lasteplanet på semitraileren då denne kom i klem mellom fjellveggen og den andre bilen.

Det var ikkje andre andre køyrty involverte i uhellet som skjedde eit par hundre meter inne i tunnelen på Lotesida. Ingen personar vart skadde i uhellet.

Kø ved Lotetunnelen på E39.

FULL STOPP: Det er lange køar på begge sider av Lotetunnelen. Her frå Lote-sida

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Containeren sperrar det eine køyrefeltet, men det var råd for mindre bilar å passere ei tid etter uhellet. Tunnelen vart deretter stengd, før ein hjullastar fekk skubba containeren til sides slik at ekspressbussen fekk passere. Klokka halv tre var tunnelen mellombels stengd. Det er uvisst kor lenge den vil verte stengd.

– Vi ventar no på ein bergingsbil som kan hente containeren, opplyser lensmann Webjørn Moa.

Kvart på tre melder vegvesenet at tunnelen er open for trafikk igjen.

Det danna seg raskt lange køar på begge sider av tunnelen. I halv eitt-tida stod fem-seks større køyrety i kø på Eid-sida, deriblant ein ekspressbuss.

Lotetunnelen på E39.

LAGAR PROBLEM: Containeren som hamna i vegbana stod på denne traileren.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK